På tokt etter sil med Havforskningsinstituttet sitt nye kystforskingsfartøy

På tokt etter sil med Havforskningsinstituttet sitt nye kystforskingsfartøy

31/3/2023

Nyheit

lesetid

Forskingsskipet Prinsesse Ingrid Aleksandra i Fosnavåg. Foto: Christoph Noever
FAKTABOKS

I mars deltok Runde Miljøsenter på tokt med Havforskningsinstituttet. Målet var å kartlegge utbreiinga og bestanden av sil langs kysten. Toktet gjekk frå Bergen til Runde, og dette var aller første gang det nye forskingsskipet «Prinsesse Ingrid Alexandra» var ute på tokt.  

– Den splitter nye båten var veldig fin å jobbe på, og har ein god størrelse for å utføre denne typen tokt langs kysten, seier marinbiolog Christoph Noever som var med på toktet. Vi fekk gjort mykje prøvetaking spreidd langs denne delen av kysten, og fekk mest sil i området rundt Runde og Nerlandsøy.

– På Runde gjer vi også rutinemessig innsamling av sil i nærområdet for å følge med utvikling av bestanden over tid. Silen er ein nøkkelart i kystøkosystemet som føde til sjøfuglane og ymse fiskeartar, og har ei særs viktig rolle for livet i fuglefjellet, seier Christoph.

Lenker vidare

Reportasje som Havforskningsinstituttet har lagt ut frå toktet

Informasjon om prosjektet Sil i kystøkosystemet

Bildegalleri

PROSJEKTLEIAR PÅ RUNDE
NYHEIT PUBLISERT AV
Øyvind Rødset
Informasjonskonsulent
DEL TIL SOSIALE MEDIER