Sil i kystøkosystemet

Sil i kystøkosystemet

23/9/2022

Prosjekt

lesetid

Foto: Arild Hareide
  • Prosjekt: Sil i kystøkosystemet
  • Status: Pågår
  • Prosjektstart: 2016
  • Prosjektleiar: Nils-Roar Hareide
FAKTABOKS

Sil, også kjent som tobis, er relativt små, avlange fisk, typisk mellom 10 til 20 cm lange. Det finst fem artar sil i Noreg, og havsil er den mest talrike og er viktigast både økologisk og økonomisk. I Nordsjøen og langs Norskekysten er sil nøkkelart, og eit bindeledd i det marine næringsnettet mellom mikroskopisk små dyreplankton og diverse fisk og andre predatorar. Sil er mellom anna ein av dei viktigaste fødeartane for dei fleste sjøfuglane i Noreg. Trass i dette er bestandane og biologien til sil langs Norskekysten lite undersøkt og kunnskapen om effekten av sil i økosystemet er mangelfull.

Det er store variasjoner i silbestanden frå år til år. Dette har ein stor effekt på sjøfuglane, og hekkesuksessen av fleire trua sjøfuglarter er avhengig av forekomsten av sil. Som viktig byttedyr påverkar sil også bestandane av fleire rovfiskartar, til dømes torsk.
Sil har ein spesiell økologi, og åtferda er sterkt knytt til årstida. Om sommaren samlar dei seg i stim for å jakte etter plankton i ope vatn. Sil har den spesielle eigenskapen at han kan grave seg hurtig ned i sanden, der han skjuler seg om natta og gjennom heile vinteren. På grunn av dette er sil sterkt knyta til områda med sandbotn, noko som fører til ei veldig ujamn fordeling av bestanden langs kysten.

På Runde Forsking jobbar vi med kartlegging av biologi, habitattilknyting og bestandsutvikling av sil i samarbeid med Havforskingsinstituttet. Vi brukar mellom anna botnskrape til innsamling av sil når han ligg nedgraven i sediment, opparbeiding av sil frå mageinnhaldsprøver frå ymse fisk frå fiskeri, mengdemålingar av biomasse med akustikk, og dialog med fiskarar.
Arbeidet med kartlegging og innsamling av data starta i 2016.

Sjå også nyheitssak på NRK sine nettsider

Bildegalleri

PROSJEKTLEIAR PÅ RUNDE
NYHEIT PUBLISERT AV
Nils-Roar Hareide
Gründer, havforskar og aksjonær
DEL TIL SOSIALE MEDIER