I det nyoppstarta prosjektet "Gjenfangst av fastståande fiskereiskap på avvege: Uttesting av PingMe-systemet" har Runde Forsking fått med seg Havforskningsinstituttet og fleire fiskefartøy på uttesting av Ocean Space Acoustics (OSAC) sitt "PingMe"-systemet. Systemet skal gjere det enklare å finne igjen og redde tapte fiskereiskap, og skal bli uttesta i både aktivt fiske og i kontrollerte forsøk. Det skal og bli utarbeida ein kravspesifikasjon til transponderløysinga.
Tapte fiskereiskap er eit stort internasjonalt problem (FAO, 2016; Gilman, 2015), og det er sett i verk mange tiltak for å hanskast med problemet. MacMullen mfl. (2004) vurderte statusen for tapte fiskereiskap i Europa og fann at det norske fisket på djupt vatn langs Eggakanten var det fiskeriet som hadde størst sannsyn for å miste garn. For å bøte på dette blir det i Noreg gjennomført “oppreinskingstokt” kvar haust i regi av Fiskeridirektoratet. Ein viktig føresetnad for å finne dei tapte reiskapa er kjennskap til nøyaktig posisjon. Det har difor lenge vore ønskeleg å ha eit system som sender signal frå reiskapa og opp til overflata slik at dei blir lettare å finne i sjøen. Fleire system har vore prøvd ut, men ingen har til no vore vellukka (Nordisk Ministerråds sekretariat, 2020). Ei viktig årsak til dette er at teknologien som er utvikla blir for dyr for fiskarane å kjøpe inn. Eit anna viktig problem har vore at transponderane har hatt for dårleg batterikapasitet i forhold til straumbruken og har blitt utladda og endt opp som ekstra søppel på havbotnen. I følgje SINTEF (2019) er selskapet OSAC kome lengst i utviklinga av eit slik system.
Ocean Space Acoustics AS blei stifta i 2018 og har sidan då arbeidd med å utvikle og kommersialisere PingMeTM. PingMe er eit akustisk kommunikasjonssystem, der ein transponder hekta på eit fiskereiskap «snakker» med eit ekkolodd på båten. Formålet med systemet er å kunne posisjonere reiskapen med transponderen innanfor ei rekkevidde på ca. 2 km. Når båten sender ut eit signal, vil alle transponderar innanfor rekkevidde svare med eit signal som inneheld transponderen sin ID, samt diverse sensordata som temperatur og djup (straum og salinitet kjem med i neste versjon av transponderen). Etter fleire svar frå transponderen bereknar båten posisjonen til transponderen. Båt og transponder blir presentert i ein kartplottar på brua, med all tilhøyrande sensordata. Om reiskapen blir mista kan eigar rapportere den tapt i skya. Om ein sakna transponder blir detektert av ein tilfeldig båt får eigar umiddelbart melding frå skya med lokasjon, tidspunkt og djup av reiskapen. Jo fleire som har PingMe, jo større er sjansen for å finne igjen tapte reiskap/lokalisere det fort.
Det overordna målet i prosjektet er å teste og dokumentere PingMe som ei mogleg løysing for å finne igjen fastståande reiskap som har kome på avvege. For å oppnå dette har det blitt utarbeida fire delmål:
Tap av fiskereiskap er negativt både for økonomien til fiskarane og for miljøet i havet og det er difor utelukkande positivt å gjere det enklare å finne igjen utstyr som har blitt tapt. Resultata frå dette prosjektet vil vere med på vidareutviklinga av PingMe-systemet, som igjen i framtida kan føre til ein reduksjon i fiskeutstyr som ikkje blir gjenfunne. Fiskenæringa blir skulda for å vere den største kjelda til marin forsøpling i Noreg, og resultata i dette prosjektet kan bidra til å redusere denne mengda samt til å betre omdømme for næringa. Reduksjon av marin forsøpling vil vidare føre til redusert spøkelsesfiske. Spøkelsesfiske er uynskt av omsyn til dyrevelferda, det er ei skjult skattlegging av fiskeressursane og det er både økologisk og økonomisk ugunstig. PingMe-systemet vil kunne bidra til ei effektivisering av fiskeoperasjonar både ved å spare tid på sokning etter tapt utstyr og ved å gi fiskaren verdifull informasjon om straum og temperatur for setninga si.