Om oss
Runde Miljøsenter er ein naturleg base for marin forsking
Forsking og formidling
Runde Miljøsenter er ein forskingsstasjon som forskarar frå heile verda kan nytte. Forskingsstasjonen ved Runde Miljøsenter er drifta av Runde Forsking.
Løyvinga frå Statsbudsjettet er grunnleggande viktig for Runde Miljøsenter. Midlane gjer oss i stand til å drive med forsking og formidling på kystøkologi og havøkologi, til å formidle forsking til eit breitt publikum, og til å drifte eit senter med kontorplassar, auditorium, lab, leilegheiter og skiftande utstillingar.
Vi driv eiga forsking på nasjonalt nivå, i samarbeid med ei rekkje institusjonar, men rolla som knutepunkt for forsking på kystøkologi og andre miljøspørsmål er minst like viktig.
Mellom dei tilsette finn vi marinbiologar, oseanografar og andre forskarar som utfører eigne forskingsprosjekt og undersøkingar i samarbeid, eller på bestilling frå både offentlege og private verksemder.
Gjestande forskarar og leigetakarar har og høve til å nytte fasilitetane. Forskingsstasjonen har tilbod om leige av båt, sjøbod, laboratorium og kontor.
DAGLEG LEIAR
Inge Bruheim
+4741646382
inge@runde.no
STYRET
Styreleiar
Bernt Brandal
Styremedlemer
Nils-Roar Hareide
Ingrid Opedal
Sissel Rogne
Atle Birger Flø
Pål Molander

Tilsette
Inge Bruheim
Dagleg leiar Runde Forsking
Inge har doktorgrad i analytisk kjemi frå Universitetet i Oslo. Han har vore postdoc ved University of Waterloo (Canada) der han arbeidde med å utvikle teknologi for miljøanalyser. Frå instituttsektoren i Norge har han erfaring frå både NIVA og Møreforsking. Bruheim kjem frå Vice President stilling innan Forsking og utvikling i Rimfrost som er eit kombinert fiskeri/bioteknologi selskap med hovudkontor i Fosnavåg. Inge er busett i Volda med kone og tre born. Han har der eit stort lokalt engasjement mellom anna innan politikk, der klima og miljø er ei av sakene han brenn for. Forskarkompetansen til Inge spenner breitt innan ulike sektorar, som kan legge grunnlag for samarbeid med både næringsliv, forsking og forvaltning.
E-post: inge@runde.no | Mobil: +4741646382

Christoph Noever
Seniorforskar
Christoph er marinbiolog med doktorgrad frå Universitetet i Bergen. Han jobbar innan marin zoologi og marin økologi hos diverse dyregrupper, alt frå pattedyr og fisk til virvellause dyr. For det meste har han forska på økologi og evolusjon hos marine evertebratar, og har særleg taksonomisk kompetanse innan krepsdyr. Han er interessert i samspel og interaksjon i det marine miljøet, som parasittologi og fødeøkologi. Han er også interessert i korleis marine samfunn blir påverka av- og reagerer på menneskeskapte påverkingar, som marin forureining og introduksjon av framande artar.
E-post: christoph@runde.no | Mobil: +4796725134

Ørjan Sørstrønen Vabø
Marinbiolog
Ørjan har ei mastergrad i marinbiologi frå Universitet i Bergen. Han tok masteroppgåva si på kartlegging av bentisk megafauna i fjordar (spesielt i dei djupare delane av fjordane, med korall og svamp i hovedfokus). Etter endte studier fortsatte Ørjan med kartlegging av bentiske habitat og samfunn, før han starta i Runde Forsking våren 2022. På Runde har han hovudsakleg jobba med naturtypekartlegging, miljøundersøkingar og generell marin prøvetaking i felt. Ørjan har nå starta på ein doktorgrad i samarbeid med Runde Forsking, NTNU Ålesund og Atlanterhavsparken. Doktorgradprosjektet vil innhente ny kunnskap om sjøfjær i norske fjordar og deira sårbarheit for miljøpåverking.
E-post: orjan@runde.no | Mobil: +4799341212

Lars Golmen
Oseanograf og seniorforskar
Lars er utdanna i fysisk oseanografi. Han har kompetanse på strøyming i havet, havets kjemi og spreiing av forureining, inkludert modellering. Lars har 30 års erfaring med undersøkingar i havet, med prøvetaking, straummåling m.m.. Han har utført diverse KU-prosjekter i samband med nye tiltak i kystsona, inkludert flytebruer og vegar og skipstunellen. Dei siste åra har han vore engasjert i internasjonal FoU omkring CCS, spesielt CO2 lagring under havbotnen, og prosjekt tilknytt sensormonitorering i hav og fjord. Fornybar energi frå havet er eit viktig arbeidsfelt, med engasjement innafor EU, IEA og ICES. I det siste har Lars hatt bistilling som professor ved Tokyo University of Marine Science and Technology.
E-post: lars@runde.no | Mobil: +4747890957

Erle Smedbold
Marinbiolog
Erle har ein mastergrad i havressursar frå NTNU i Trondheim og ein bachelorgrad i biomarin innovasjon frå NTNU i Ålesund. Bacheloroppgåva fokuserte på biomasseestimater av fisk i merd ved bruk av hydroakustikk. I masteroppgåva si undersøkte ho sjøkreps som ein indikatorart for miljøpåverknad av restfôr frå oppdrettsanlegg i Romsdalsfjorden. I dag jobbar Erle som marinbiolog ved Runde Forsking.
E-post: erle@runde.no | Mobil: +4793832062

Annelise Chapman
Marinøkolog
Annelise (Lise) har bakgrunn som økolog frå Tyskland og har tatt master- og doktorgrad innan kystøkologi i Vadehavet i heimlandet. Ho har jobba som forskar i Tyskland, Canada, Storbritannia og Noreg med fokus på marine vegetasjonssystem, som til dømes tareskog. Ho har erfaring frå prosjekt- og forskingsleiing, særleg i skjæringsfeltet mellom anvendt forsking og miljøforvaltning. Vitskapskommunikasjon og formidling har vore viktig for henne, både i akademia og ikkje minst overfor allmenta. Frå 2016 til 2023 har ho vore gründer og dagleg leiar i eit tareselskap og har vore engasjert innanfor ei næring i utvikling, der forskingsbehovet står sentralt i ei umogen verdikjede. Tilbake som forskar omfattar faginteressene hennar framleis alt frå makroalgar til kystøkosystem og vassforvaltning. Samtidig brenn ho for ei omstilling mot naturbaserte løysingar i samfunnet, der innovasjon i næringslivet tener biodiversitet og miljø.
E-post: annelise@runde.no | Mobil: +4790750501

Karsten Kvalsund
Fysikar
Karsten har mastergrad i fysikk frå NTNU. Han har jobba på Runde sidan 2011, og har erfaring frå mange ulike felt. Hovudfokus har vore på marin miljøovervaking og -forsking, både i djuphavet med (undervass)glidarar og meir kystnært med meir tradisjonell toktbasert prøvetaking. Sidan 2021 har han hatt ei bistilling på Havforskningsinstituttet, på gruppa for oseanografi og klima.
E-post: karsten@runde.no | Mobil: +4795113164

Kana Banno
Marinbiolog
Kana voks opp i Japan og studerte akvakultur og biologi i Tokyo, Bodø, Tromsø og Ålesund. Ho har doktorgrad i biologi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, der ho arbeidde med å utvikle teknologi for overvaking av fisk ved akvakulturanlegg. Ho er forskar i marinbiologi med brei forskingserfaring innan overvaking av fiskevelferd og åtferd, samt samspelet mellom akvakultur og miljøet. Sidan 2013 har ho vore involvert i forskingsprosjekt om ulike artar, mellom anna algar, muslingar, krepsdyr og fisk. Det meste av det nyare arbeidet hennar har vore anvend forsking, der ho har nytta teknologi som hydroakustikk og maskinsyn til marinbiologisk overvaking. På Runde Forsking jobbar Kana som forskar med brei kompetanse innan marinbiologi og akvakultur.
E-post: kana@runde.no | Mobil: +4790573551

Mathilde Oddekalv
Marinbiolog
Mathilde har ein mastergrad i marinbiologi frå Universitetet i Bergen. Masteroppgåva ble gjennomført i samarbeid med NORCE LFI og gjekk ut på å sjå på rørslemønster og tilstadeværelse av Atlantisk torsk i Isfjorden på Svalbard ved hjelp av akustisk Telemetri. Mathilde skal vere vikar for Ovidie ved Runde forsking og vil bidra inn i pågåande prosjekt og forskingsaktivitetar ved stasjonen.
E-post: mathilde@runde.no | Mobil: +4790620085

Ingar Støyle Bringsvor
Tekst kjem snart
E-post: ingar@runde.no | Mobil: +4799382242

Ovidie Mari Lynge
Marinbiolog
Ovidie har ei mastergrad i marinbiologi frå Universitetet i Bergen. Masteroppgåva hennar gjekk ut på å undersøke om algar og dyr i nærliggjande strandsone blei påverka av næringsutslepp frå lakse-oppdrettsanlegg. I Runde Forsking driv Ovidie hovudsakleg med arbeid mot marin forsøpling i form av blant anna koordinering av eit nettverk av strandryddarar, samt at ho har deltatt i formidlingsarbeid, prøvetaking og naturtypekartlegging.
E-post: ovidie@runde.no | Mobil: +4740623432

Randi Kjærstad Hagerup
Prosjekttilsett
Randi har ein mastergrad i Kulturmøte frå Høgskulen i Volda. Oppgåva var ei undersøking blant strandryddarar på Nordvestlandet som såg på deira forhold til lokalnaturen og -samfunnet, og korleis deira engasjement eventuelt hadde endra dette. Randi har sjølv vore ein aktiv strandryddar sidan «plastkvalen» i 2017, og skal bistå i OSPAR-prosjektet. Randi arbeidar til vanleg i Sunnmøre Friluftsråd.
E-post: randi@friluftsraadet.no | Mobil: +4799722889

Aktivitet ved senteret 2021
Årleg er det mange grupper som besøker Runde Miljøsenter. I 2021 var det i snitt 25 personar per gruppe, og totalt 42 grupper. I tillegg var det mange enkeltpersonar og smågrupper innom, totalt var det 4500 omvisingar.

