Forteljinga om Runde

Forteljinga om Runde

I 1975 skreiv vår oseanograf Lars Golmen, den gong elev i 3. gym, ein artikkel om arbeidsliv, næringsvegar og historia til Runde som si særoppgåve. Med røter på øya gjennom generasjonar, og med eigen oppvekst på Runde, har han ei unik innsikt i lokalsamfunnet og utviklinga av øya gjennom tidene. Han skildrar arbeidsliv og kvardag på Runde på 1800-talet, basert på kjelder som Herøysoga, samtalar med eldre folk på Runde og lokale anekdotar. Dette var verkeleg handarbeid på skrivemaskin utan rettetast, lenge før PC-ar, Word og kunstig intelligens. Då Lars nyleg fann fram att artikkelen, meir enn 50 år etter at han vart skriven, tenkte vi at innhaldet fortente eit nytt publikum. Dokumentet gir eit fascinerande innblikk i livet på Runde i eldre tider, og fortel korleis naturgrunnlaget, fiskeria og sjøfarten har forma samfunnet gjennom generasjonar. Bli med på ei lita tidsreise tilbake til Runde, slik øya vart skildra av ein lokal kjenner i 1975.

15/10/2026

•

Nyheit

•

lesetid

FAKTABOKS

Bildegalleri

PROSJEKTLEIAR PÅ RUNDE
NYHEIT PUBLISERT AV
Lars Golmen
Oseanograf og seniorforskar
DEL TIL SOSIALE MEDIER