Døde lundefuglar observert på kysten

Døde lundefuglar observert på kysten

11/2/2026

Nyheit

lesetid

FAKTABOKS
Runde Forsking ønskjer fleire meldingar for å få oversikt over situasjonen.

I slutten av januar fann vi frå Runde Miljøsenter fleire døde lunder på Runde og andre stadar i Herøy kommune. Dette er uvanleg på denne tida av året, og funna gjer at det er behov for å kartleggje situasjonen nærare. Etter det første funnet på Runde fekk vi òg fleire henvendingar om døde lunder andre stadar i fylket.

Lunden overvintrar langt ute på havet, og vanlegvis kjem fuglane som skal hekke på Runde først i løpet av mars. Det er derfor eit tydeleg teikn på at noko har gått gale ute på havet. Det kan til dømes skuldast dårleg tilgang på mat, slik at fuglane har blitt svekte og ekstra sårbare for stormvêr. For å forstå situasjonen betre, er det viktig å samle inn fleire observasjonar og undersøkje fleire individ.

Vinterstormar, urolege havområde og vekslande næringsforhold kan i enkelte tilfelle gjere det vanskeleg for sjøfugl å halde energireservane oppe. Slike forhold kan òg føre til at fuglar driv i land i død eller svekt tilstand. Samstundes kan sjukdom spele ei rolle, og fugleinfluensa må òg utelukkast for å gi konkrete svar.

Dei første prøvane er no på veg til Veterinærinstituttet for testing av fugleinfluensa. Først etter at vi får testresultata frå influensaprøvane, kan det gjennomførast obduksjon av fuglane. Då vil vi få informasjon om kroppstilstand og energireservar, mageinnhald og teikn til sjukdom eller annan påverknad, og det vil vere mogleg å seie noko meir konkret om årsakssamanhengar.

Oppmoding til publikum
For å få eit breiare kunnskapsgrunnlag ønskjer Runde Forsking meldingar frå alle som finn døde lundefuglar. Ta bilete av fuglen, helst slik at ein ser nebbet, sidan det kan gi indikasjon om alder. Dersom lunden er i god forfatning og du har moglegheit til dette, vil vi gjerne ha fuglane tilsendt, slik at vi kan organisere prøvetaking for fugleinfluensa og obduksjon. Ta gjerne kontakt via christoph@runde.no / tlf. 967 25 134.

Smittevern ved handtering
Inntil prøvesvara ligg føre, kan vi ikkje utelukke fugleinfluensa som faktor, og vi anbefaler at funn blir handtert slik: Unngå å røyre fuglane utan hanskar. Legg fuglen i ein tett plastpose om den skal leverast inn. Vask hendene godt etterpå!

Kvifor dette er viktig
Ei god kartlegging vil hjelpe oss å forstå kva som ligg bak dei observasjonane som no er gjort. Det kan bidra til å oppdage eventuelle endringar tidleg og setje oss i stand til å følgje utviklinga tett fram mot hekkesesongen.

Om massedød av lundefuglar
Massedød av lunder er registrert fleire gongar i Nord-atlanteren. Slike episodar oppstår om vinteren, når langvarige stormperiodar, urolege havområde og dårleg næringstilgang gjer det krevjande for fuglane å oppretthalde energibalansen. I Noreg var den siste massedøden av lunder i 2016, då hundrevis av døde individ dreiv i land i Sør-Noreg. I heile Nord-atlanteren har frekvensen av slike massedødar auka betraktleg i dei siste tiåra, etter at intensiteten av vinterstormane har auka som følgje av klimaendringar.

Vinterstormar aukar energibruken til sjøfugl kraftig. Når tilgangen på mat samtidig er låg, kan fuglane miste både fett og muskelmasse på kort tid. Det blir for tida òg rapportert store mengder døde lunder i Portugal, som kan indikere at det er store område der lundene opplever stor dødelegheit denne vinteren.

Bestanden av lundefuglar har vore i sterk nedgang dei siste tiåra. Talet på lunder som hekkar på Runde har hatt ein dramatisk nedgang etter årtusenskiftet, frå rundt 260 000 hekkande lunder til om lag 60 000 i 2020. I dei første åra av 2020‑talet har bestanden på Runde stabilisert seg, med ei svak auke. Dette samanfell med nokre år med god hekkesuksess på grunn av rikeleg førekomst av sil. Bestanden av sil er no sterkt redusert både langs kysten og i Nordsjøen, og utsiktene for årets hekkesesong på Runde er derfor ikkje særleg gode. Allereie under hekkesesongen i fjor var det få lundeungar som overlevde på Runde som følgje av matmangel.

Dersom vi både får høg vinterdødelegheit og hekkesvikt, ser det dessverre ikkje bra ut for lundebestanden.

Bildegalleri

PROSJEKTLEIAR PÅ RUNDE
NYHEIT PUBLISERT AV
Christoph Noever
Marinbiolog
DEL TIL SOSIALE MEDIER