
I slutten av januar fann vi ved Runde Miljøsenter fleire døde lundefuglar på Runde. Til vanleg held lundane seg langt ute på havet om vinteren og kjem fyrst inn mot kysten i slutten av mars for å hekke. Difor tok vi initiativ til å få oversikt over omfanget av dødelegheita og undersøkje kva som var årsaka til at lundane døydde.
Etter at saka fekk merksemd i media, mellom anna hos NRK og Vestlandsnytt, fekk vi ei rekkje meldingar om liknande funn både i fylket og fleire andre stader i landet i januar og februar. Det kom òg fleire rapporteringar om døde lunder på artsobservasjoner.no. Det er meldt om funn frå Rogaland i sør til Troms i nord. Dei fleste funna kjem frå Sunnmøre, men Rogaland ser òg ut til å vere ei hotspot langs kysten. Vi samla inn funndata for om lag 40 døde lunder. Sidan berre ein del av fuglane driv i land, og endå færre faktisk blir funne og rapporterte, handlar dette truleg om fleire hundre individ.

For å utelukke fugleinfluensa vart prøver frå lundane som vi samla inn sjølve, og nokre vi fekk tilsendt, sende til Veterinærinstituttet for vidare undersøking. Alle prøvesvara kom tilbake negative, og det er dermed ikkje påvist fugleinfluensa hos dei fuglane som vart analysert.
Samtidig som vi fekk rapportar om fleire døde fuglar langs norskekysten, vart det meldt om fleire tusen døde lundefuglar langs kysten av Portugal, Frankrike, Spania og Storbritannia. Der er dødsårsaka knytt til ein serie kraftige vinterstormar i Nord-Atlanteren som kom tett etter kvarandre.
Massedød av lundefugl om vinteren har blitt vanlegare dei siste åra, noko som blir sett i samanheng med at vinterstormane har blitt meir intense som følgje av klimaendringar. Lunder overvintrar ute på ope hav, og ekstremvêr er svært belastande for sjøfugl. Funn frå Noreg kan truleg sjåast i samanheng med den omfattande massedøden av lunder i Nordaust-Atlanteren denne vinteren.
Obduksjonane av fuglane vi fann lokalt, viste at alle var kraftig utmagra og heilt utan innvendige fettreservar. I tillegg var brystmuskulaturen - som dei treng for både flyging og dykking - sterkt redusert, eit tydeleg teikn på sveltdød.

Høg vinterdødelegheit kan skuldast dårleg tilgang på mat i utgangspunktet, noko som gjer fuglane svekte og meir sårbare for stormvêr. Langvarig ekstremvêr kan i seg sjølv òg gjere det vanskeleg for fuglane å fange mat, og saman med auka energiforbruk i vêrutsette periodar kan dette føre til at dei mister energireservane og døyr. Under slike forhold driv døde eller sterkt svekte fuglar i land.
Sjå òg dei nylege oppslaga i NRK og Vestlandsnytt om saka.
Lundane som hekkar på Runde, er venta å komme tilbake i siste del av mars, som regel rundt den 20. Vi håpar at hekkebestanden ikkje har hatt for store tap gjennom vinteren, og det blir spennande å følgje årets hekkesesong. Som i tidlegare år installerer vi kamera i nokre av lundereira, slik at alle kan følgje med direkte - frå etablering i reiret, via egglegging, ruging og klekking, til mating og, forhåpentlegvis, at lundeungane blir flygedyktige og forlèt reiret mot slutten av sommaren.
