Direktesending frå lundeura - Lundefuglane vender tilbake til Runde for årets hekkesesong

Direktesending frå lundeura - Lundefuglane vender tilbake til Runde for årets hekkesesong

På kvelden 23.mars landa årets første lundefugl i fuglefjellet på Runde.

24/3/2024

Nyheit

1 min

lesetid

FAKTABOKS

På kvelden 23.mars landa årets første lundefugl i fuglefjellet på Runde. Dei har i lengre tid oppholdt seg på sjøen nedanfor ura, i eit stort antal. I år har Runde Forsking plassert kamera i fjellet for å følge med på årets hekkesesong, etter tillatelse frå Statsforvaltaren.

Eit kamera er plassert inne i eit reir, og no håpar vi at det slår seg ned eit par der, slik at vi kan følge dei gjennom sesongen. Bilde og video frå lundeura gir ei veldig god moglegheit til å følge med på trafikken med lundefugl, og også til å sjå kva dei kjem heim med av mat til reira etter kvart som dagane går.

På Runde Miljøsenter kan ein sjå livebilete frå lundeura i eit digitalt observatorium.

Det er også mogleg å følge livesendinga her

Bildegalleri

PROSJEKTLEIAR PÅ RUNDE
NYHEIT PUBLISERT AV
Cecil Elisabet Nerbø
Dagleg leiar - Opplev Runde
DEL TIL SOSIALE MEDIER