Blågrønt samarbeid 2.0

Blågrønt samarbeid 2.0

20/9/2022

Prosjekt

lesetid

  • Prosjekt: Blågrønt samarbeid 2.0
  • Kategori: Marin forsking
  • Status: Pågår
  • Oppdragsgjevar: Møre og Romsdal Fylkeskommune
  • Start: November 2021
  • Ansvarleg: Runde Forsking
  • Leiar: Jenny Ullgren
  • Deltakarar: Ørjan Sørstrønen Vabø, Ovidie Lynge, Karsten Kvalsund, Nils-Roar Hareide
  • Samarbeid: Møreforsking og Norsk Senter for Økologisk Landbruk (NORSØK). Prosjektet vert leia av Møreforsking.
  • Finansiering: Fylkeskommunen
FAKTABOKS

Prosjektet Blågrønt Samarbeid (BGS) 2.0 set søkelys på nokre valde naturtypar, på land og i sjø, der vi manglar kunnskap om utbreiing, økologisk tilstand og påverknadsfaktorar. I det marine økosystemet retter vi fokus mot kaldtvasskorall og andre artar som lever tett på desse. Korallskog og korallrev er viktige habitat for andre marine artar. Kaldtvasskorall veks sakte, og menneskeleg aktivitet medfører fleire slags trugslar mot desse sårbare miljøa.

Med hjelp av Marine Grunnkart på Søre Sunnmøre identifiserte vi plassar der det var sannsynleg at det kunne finnast kaldtvasskorall, men der det ikkje var registrert funn av korall frå før. I 2022 gjennomførte vi undersøkingar i felt med eit fjernstyrt undervasskamera (Remotely Operated Vehicle, ROV) og oppdaga kaldtvasskorall på 9 av 10 av dei utvalde lokalitetane. Les meir her: https://www.rundeforsking.no/prosjekt-og-nyheiter/funn-av-korallrev-pa-sore-sunnmore

Vi har også begynt å samle inn data om undervassengar i området vårt. Ålegras-eng er ein naturtype som ikkje er klassifisert som trua i Noreg i dag, men som har gått kraftig tilbake internasjonalt. Noreg har derfor eit ansvar for å forhindre tap eller skade på denne naturtypen, som er særleg utsett for menneskeleg aktivitet. Om undervassengar med andre artar enn vanleg ålegras, Zostera marina, er kunnskapsgrunnlaget svakt. Som del av BGS 2.0-prosjektet har vi utført feltundersøkingar av ålegraseng i den «Grøne Korridor» mellom Herøy og Ulstein.

BGS 2.0 er eit samarbeidsprosjekt mellom Runde Forsking, Møreforsking og Norsk Senter for Økologisk Landbruk (NORSØK), finansiert av Møre og Romsdal fylkeskommune. Det overordna målet for prosjektet er å bidra til auka verdiskaping og berekraftig utvikling i blå og grøne næringar i Møre og Romsdal ved å bygge vitskapeleg kunnskap i samarbeid med lokalt næringsliv. Dette skal vi oppnå gjennom å arbeide mot fleire ulike delmål.

Blant anna skal vi etablere nye dataseriar, og ny og tilpassa metodikk, for å vurdere økologisk tilstand og økosystempåvirkninger knytt til kulturlandskap og naturtypar i kystnære økosystem i Møre og Romsdal. Vi vil også skaffe ny kunskap om korleis dei grøne og blå næringane (landbruk, fiskeri og havbruk) kan tilpasse seg for å auke matproduksjonen under raske klimaendringar, og samtidleg ta vare på biologisk mangfald og sårbare naturtypar. Eit viktig delmål for prosjektet er også å styrke samarbeidet mellom partnarane og med nasjonale og internasjonale FoU-miljø for å utvikle nye prosjekt til nytte for samfunn og næringsliv i Møre og Romsdal.  

Runde Forsking leier arbeidspakke 2 i prosjektet som handlar om å framskaffe meir kunnskap om naturmangfald og utvalde naturtypar i terrestriske og marine økosystem i Møre og Romsdal og naturmangfald. Forskingsaktivitetane våre er framfor alt på det «blå» området, men vi har også bidratt på den «grøne» sida i samband med feltarbeid på Nerlandsøy.

Bildegalleri

PROSJEKTLEIAR PÅ RUNDE
NYHEIT PUBLISERT AV
Jenny Ullgren
Fysisk oseanograf
DEL TIL SOSIALE MEDIER