Funn av korallrev på Sunnmøre

Funn av korallrev på Sunnmøre

21/11/2022

Nyheit

4 minutt

lesetid

Eit korallrev av øyekorall (Desmophyllum pertusum, tidlegare Lophelia pertusa). Funne i Rovdefjorden.
FAKTABOKS

Første veka i oktober 2022 var Runde Forsking og Møreforsking AS ute i Rovdefjorden på Søre Sunnmøre for å kartlegge førekomstar av kaldtvasskorall. Undersøkinga var ein del av prosjektet Blågrønt samarbeid, finansiert av Møre og Romsdal fylkeskommune.

Møre og Romsdal er eit fylke der ein har funne særleg mykje korallar samanlikna med andre stadar langs kysten. Likevel har Søre Sunnmøre utmerka seg som eit område med få offisielle registreringar, sjølv om fiskarar har rapportert om å ha fått korallar i fiskereiskap. Spørsmålet dei lokale forskarane då stilte seg var: Er det lite korallar her, eller har ingen sett etter?

Forskarane klare for tokt. F.v. Margrete Emblemsvåg frå Møreforsking, Ørjan Sørstrønen Vabø frå Runde Forsking og Trond Roger Oskars frå Møreforsking.

Forskarane studerte først kartet nøye og tok utgangspunkt i det ein veit om kva slags miljø som korallar trivast i. Toktleiar Ørjan Sørstrønen Vabø frå Runde Forsking laga på førehand ei liste over sannsynlege korall-lokaliteter.

«Med hjelp av dei nye detaljerte batymetri- og sedimentkarta frå Marine Grunnkart kan vi lettare finne moglege korall-lokalitetar før vi undersøker i felt» – Ørjan Sørstrønen Vabø, Runde Forsking.
Marine grunnkart over Rovdefjorden der venstre side synar havbotnterrenglaget og høgre side synar sedimentlaget der farge og mønster tilsvarar ulike sedimenttypar.

I løpet av tre dagar med bruk av ROV (fjernstyrt undervassfarkost) fann forskarane overraskande mange korallar av ulike artar, til dømes revbyggjande korall av typane øyekorall (Desmophyllum pertusum) og sikksakk-korall (Madrepora oculata). På ein av lokasjonane fann dei så store samanhengande førekomstar at det kan definerast som eit korallrev.

«Det å finne so mykje korall i Rovdefjorden – til og med eit korallrev – er fantastisk» – Trond Roger Oskars, Møreforsking AS
Eit korallrev av øyekorall (Desmophyllum pertusum, tidlegare Lophelia pertusa).

Kaldtvasskorallar dannar sårbare naturtypar som vi framleis veit lite om, spesielt i fjordane våre. Korallar er viktige for biodiversiteten og livet i havet ved at dei dannar komplekse 3D-strukturar som er viktige habitat for andre organismar, til dømes oppvekstområde og skjul for fiske-yngel. Korallar veks seint og er skjøre. Derfor er dei spesielt sårbare for mekanisk skade som til dømes tråling, ankring, garnsetting og forureining frå marin industri. Øyekorall veks berre 2 til 10 millimeter i året på norskekysten, og det kan ta mellom 100 og 500 år å bygge eit ein meter høgt korallrev. Kartlegginga som no skjer gjennom dette prosjektet er derfor viktig for å få meir detaljert kunnskap om førekomstane av korallar i Møre og Romsdal, slik at vi kan lykkast med ei best mogeleg forvaltning.

«Dersom Rovdefjorden er eit eksempel på kva ein kan finne i andre liknande fjordar, har fylket vårt langt større førekomstar av korallar enn tidlegare trudd» – Margrete Emblemsvåg, Møreforsking AS
Hornkorallen sjøbusk (Paramuricea placomus).

Prosjektleiar Liv Guri Velle ved Møreforsking seier at funna er svært interessante.

«I dette prosjektet har vi sett søkelys på trua naturtypar i kystsona, og vi er veldig interesserte i å både kartlegge dei, og etter kvart også vurdere den økologiske tilstanden til naturtypane. Då er det særleg kjekt at samarbeidet mellom Runde Forsking, NORSØK og Møreforsking gir resultat» – Liv Guri Velle, Møreforsking AS

Bildegalleri

PROSJEKTLEIAR PÅ RUNDE
NYHEIT PUBLISERT AV
Ovidie Mari Lynge
Marinbiolog
DEL TIL SOSIALE MEDIER