Minneord - Greta Garnes

Minneord - Greta Garnes

16.2.1954 – 8.6.2025

23/6/2025

Nyheit

lesetid

FAKTABOKS

Greta Garnes har vore ein sentral person i Runde Miljøsenter sidan oppstarten av senteret i 2004. Ho var då ein av dei fire gründerane som etablerte forskingssenteret på Runde, og har arbeidd ved senteret heilt fram til og med 2024. Hennar arbeid var knytt både til forsking og til kurs- og konferanseavdelinga.

Greta var utdanna gartnar og arbeidde ein del år på gartneri før ho tok til på studiar ved Universitetet i Tromsø der ho studerte økologi og botanikk. Før ho tok til med arbeidet ved Runde Miljøsenter var ho tilsett ved Møreforsking i Ålesund. Ho arbeidde der med forsking på biologien til djupvassfisk. Greta tok del på forskingstokt til Grønlandskysten og til djuphavet i Atlanterhavet. Ho arbeidde mykje med innsamling av biologiske prøver av fisk, både frå forskingstokt og frå kommersielle fiskebåtar. Ho hadde eit utstrekt samarbeid med Havforskingsinstituttet i Bergen, og var også sterkt involvert i internasjonalt forskingssamarbeid med mellom anna Skottland, Irland og Grønland.

Greta har vore ein svært viktig person ved Runde Miljøsenter, og hennar bidrag til etablering og drift av senteret har vore avgjerande. Ho la ned eit stort arbeid og engasjement i senteret og var opptatt av å bidra til at naturverdiane ved Runde vart kartlagde og tatt vare på. Alt arbeid ho gjorde ved Runde Miljøsenter bar preg av grundigheit og kvalitet og eit sterkt engasjement for naturen og miljøet.

Dessverre døde ho altfor tidleg, den 8. juni 2025.

Styret og dei tilsette ved Runde Miljøsenter vil takke Greta for den store innsatsen og engasjementet ho har lagt ned for senteret, og for å auke kunnskapen om naturen her på kysten og medvitet om kor viktig det er å ta vare på den.

Vi lyser fred over Greta sitt minne.

Minneside for Greta finn du her.

Bildegalleri

PROSJEKTLEIAR PÅ RUNDE
NYHEIT PUBLISERT AV
Cecil Elisabet Nerbø
Dagleg leiar - Opplev Runde
DEL TIL SOSIALE MEDIER