Bli med på siste søndagsforedrag før sommaren

Bli med på siste søndagsforedrag før sommaren

24/5/2023

Nyheit

lesetid

Foto: Astrid Woll
FAKTABOKS

Snorre Bakke er førsteamanuensis ved NTNU i Ålesund. I doktorgrada si har han studert taskekrabben sin biologi. I lag med to medforfattarar har han for ikkje lenge sidan gitt ut boka «KRABBEN – et biologisk og kulturhistorisk portrett». Boka gir ei brei dekking av taskekrabben sitt liv og betydninga den har for oss som fiskeri- og matressurs.

Foredraget er ei historie (illustrert med fine bilder) der vi får følge krabben frå larve til den er vaksen. Vi blir med krabben i livet som «ungdom», jakta på mat, kampen for å overleve og på søk etter en partnar. Måten vi menneske utnyttar krabben gjennom fiske er også ein del av historia. Undervegs i foredraget blir ulike kuriøse tema tatt opp, som for eksempel: «Kor gammel blir krabben?», «Kor hardt knip/klyp krabben?», «Føler krabben smerte når den blir kokt?» og «Er det farlig å spise krabbe?».

Start: 15:00

Inngang: Kr 50,-

Kafé og besøkssenter held ope frå 11:00–17:00. Servering av middag, kaffi og kaker.

Vel møtt til ein spennande time!

Bildegalleri

PROSJEKTLEIAR PÅ RUNDE
NYHEIT PUBLISERT AV
Cecil Elisabet Nerbø
Dagleg leiar - Opplev Runde
DEL TIL SOSIALE MEDIER