Fornybar energi kan vere meirvariabel enn fossil energi. Energilagring vil difor vere ein vital komponent ieit lågutsleppssamfunn. Gode metodar for å lagre energi gjer at overskotsenergisom blir produsert når det er låg etterspurnad i nettet kan bli tatt vare på ogbrukt seinare når den trengs.
Fraunhofer IEE i Tysklandsitt «StEnSea»-energilagringsanlegg blei testa med godt resultat i ein innsjøpå 100 meter djup i 2017. StEnSea er eit trykkbasert anlegg (betongkule) for plasseringpå sjøbotnen, helst djupare enn 500 meter. Fordi Norge har mange djupe fjordar ogmed miljøsenterets gode kontakt med Fraunhofer vart prosjektet etablert her someit forstudium for Møre og Romsdal. Prosjektet har inkludert ein studie avlagringsteknologi genererelt og av behov og potensiale for energilagring i Møreog Romsdal. Vidare er det rekna på kostnadar og laga plan for å gjennomføre eindemonstrasjon av eit StEnSea-anlegg i fylket.
Prosjektet var finansiertav Møre og Romsdal fylke, Tussa Kraft AS og Tafjord Kraft AS.
Les meir om prosjektet og resultata her: Lagring av elektrisk energi Forstudium for Møre og Romsdal