RundeSymposiet

RundeSymposiet

15/11/2022

Prosjekt

1 minutt

lesetid

Rundesymposiet er ein årviss nasjonal møtestad for akademia, næringsliv, organisasjonar og styresmakter med mål om å gjere ein konkret skilnad. Symposiet går av stabelen i mai, og er arrangert av Runde Miljøsenter og Havforskningsinstituttet. Vi ønsker å inspirere og formidle innsikt samt å medverke til gode løysingar for meir og betre bruk av havet og ressursane i havet – med nye hovudtema kvart år.

FAKTABOKS

RundeSymposiet 2023  

Tema i 2023 var havvind frå forskingssida, teknologi-, miljø- og forvaltningssida, og ikkje minst frå næringsliv lokalt/nasjonalt, og i eit overordna samfunnsmessig perspektiv. Representantar og nøkkelpersonar frå akademia, næringsliv, organisasjonar og styresmakter møttest til konstruktiv og løysingsorientert meiningsutveksling på Runde Miljøsenter. Deltakarane var samde om:

  1. Norge er på etterskot, både med tanke på kartlegging av havbotnen, tilgang nok energi for å dekke etterspørselen framover, samt etablere ein konkurransedyktig leverandørindustri tilpassa etterpurnaden.
  2. Handling. For å kome i gang, krevst det tiltakspakke frå myndigheitene, med ein langsiktig og industriell tankegang.
  3. Bruk av meir areal til havs krev betre naturkartlegging der forsking i utbygging og driftsfase er med på å sikre ein kunnskapsbasert sameksistens med fiskeri, industri med hensyn til sårbar natur.
  4. Samarbeid. Viktig med respekt og inkludering av aktuelle interessepartar frå dag ein i utredning og sameksistens.

Program 2023 (pdf)  

Hovudtema: Havvind, inndelt i tre bolkar.

  • Teknologi og moglegheiter
  • Miljø og forvalting
  • Næringsliv og samfunn

Kontaktperson for RundeSymposiet:

Ottar Håkonsholm
Dagleg leiar i Runde Miljøsenter og Runde Forsking
Mobil +47 99537805

  
* * *

RundeSymposiet tidlegare år

2022

I 2022 var fokus på økosystemforvalting i vidaste forstand, men med vekt på vekst i DEN BLÅ ØKONOMIEN. Dette byggjer vidare på symposiethausten 2021 der det mellom anna vart argumentert for å gjere sjøvegen langs kysten til hovudvegen, Riksveg 1. Sjøvegen – den norske kystlinja – kan og bør spele ei langt meir sentral rolle for å oppnå berekraftig verdiskaping, transport og for infrastrukturutbygging i Noreg.

I den blå økonomien er det viktig å utvikle naturverdiane Norge har, og verdiane som er skapt. Korleis kan vi unngå interessekonfliktar, og korleis kan vi best leggje til rette for nye berekraftige løysingar? Korleis styrker vi samspelet mellom forsking og næringsliv i det korte biletet, men og for komande generasjonar? I 2021 var Havnasjonen Noreg 2.0 eit viktig emne.

Program 2022

2021

RundeSymposiet 2021 hadde hovudtema "Havnasjonen Norge: Det grøne skiftet er blått". Som resultat kom det såkalla "Runderopet", som handla om å flytte frakta av folk, varer og gods til sjøs, slik styresmaktene også ønska. Det var også ein plan for korleis ein kunne få fortgang i sakene.

Artikkel om RundeSymposiet 2021

Bildegalleri

PROSJEKTLEIAR PÅ RUNDE
NYHEIT PUBLISERT AV
Ottar Håkonsholm
Dagleg leiar i Runde Forsking og Runde Miljøsenter
DEL TIL SOSIALE MEDIER