Referanseflåten er eit utval norske fiskefartøy som gir Havforskningsinstituttet inngåande informasjon om sine enkeltfangstar og generelle fiskeriaktivitet.
Det er viktig at havforskarar som gir råd om fiskeriforvaltning har god kunnskap om fiskeria; korleis dei forskjellige fiskeflåtane opererer gjennom sesongen, kva dei fisker og kvar dei fiskar. Spesielt viktig er det å vite kor mykje av dei ulike aldersgruppene som blir fiska, sidan dette er grunnlaget for modellane som blir brukt til å anslå storleiken på fiskebestandane.
Havforskningsinstituttet har engasjert eit kystfartøy i Herøy til å samle inn data til forsking. Runde Miljøsenter har fått oppgåve med å vere «fadder» for dette fartøyet. Dette arbeidet blir gjennomført og koordinert saman med prøvetaking på fiskebruk, som Runde Miljøsenter tar seg av på vegne av Havforskningsinstituttet.
Du finn meir informasjon på nettsida til Havforskningsinstituttet: