OSPARstrand-kartlegging

OSPARstrand-kartlegging

8/7/2024

Prosjekt

lesetid

  • Prosjekt: OSPARstrand-kartlegging: sone 8 og 9
  • Kategori: Miljøovervaking
  • Status: Pågår
  • Prosjektstart: januar 2024
  • Prosjektslutt: januar 2027
  • Oppdragsgjevar: Miljødirektoratet  
  • Prosjektleiar: Ovidie Mari Lynge
  • Deltakarar: Ovidie Mari Lynge, Erle Smedbold, Randi Kjærstad Hagerup
FAKTABOKS

Miljødirektoratet har gitt Runde Forsking ansvaret for å registrere marin forsøpling i to soner i OSPAR-strand-programmet, sone 8 og sone 9. Dette vil forgå på ei strand på Lepsøy (sone 8) og ei på Vågsøy (sone 9). Overvakinga starta i 2024 og vil gå føre seg tre gonger i året fram til utgangen av 2026.

Frå 2024 auka talet på OSPAR-strender i Noreg frå 7 til 13 strender. OSPAR står for Oslo-Paris-konvensjonen, som fokuserer på å iverksetje tiltak som vernar og bevarer økosystema og det biologiske mangfaldet i Nordaust-Atlanteren, inkludert tiltak mot marin forsøpling. Det er Miljødirektoratet som på nasjonalt plan har ansvaret for OSPAR-strendene som er fordelt langs heile den norske kystlinja. Strendene skal jamleg overvakast og ryddast for makroavfall i samsvar med protokollen OSPAR/MSFD (Marine Strategy Framework Directive). Overvakinga omfattar innsamling og analyse av avfallsmengder og typar, som bidreg til betre forståing av kjeldene til marin forsøpling og effektane på det marine miljøet. Dette arbeidet er avgjerande for å utvikle effektive tiltak for å redusere forsøplinga og verne havmiljøet.

Å redusere marin forsøpling er ei av dei største miljøutfordringane samfunnet står ovanfor. Som ein del av sin Nordaust-Atlanteren Miljøstrategi (NEAES) 2010-2020, satt OSPAR seg som strategisk mål "å redusere marin forsøpling i OSPAR sine maritime områder til eit nivå der eigenskapar og mengder av marin forsøpling ikkje forårsakar skade på kyst- og havmiljøet".

Ein viktig del av OSPAR sitt arbeid er overvakinga av strandsøppel som forgår på OSPAR-strendene. Denne metoda inneber at alt avfall på ein fast 100 meter lang strekning av ei strand blir samla, klassifisert og fjerna. Avfallet blir klassifisert i meir enn 100 ulike kategoriar basert på kjelde og materiale. OSPAR-strender er nøye utvalde for å representere ulike typar kystlinjer og påverknader frå menneskeleg aktivitet. Denne klassifiserte dataen som og blir nytta i EUs rammedirektiv for marin strategi (MSFD), viser forskjellar og tidsmessige endringar i mengde, samansetning og kjelder til marin forsøpling i kystområda, og fungerer som ein indikator for forsøplingsforureining i OSPARs marine miljø.  

Overvakinga bidreg til ei betre forståing av mengde, type og kjelder til marint avfall, noko som er essensielt for å utvikle effektive tiltak for å redusere forsøplinga og verne havmiljøet. Dataen som blir samla inn, blir nytta til å utarbeide rapportar og tilrådingar som påverkar nasjonal og internasjonal politikk for bevaring av det marine miljøet.

Kjelder:

Bildegalleri

PROSJEKTLEIAR PÅ RUNDE
NYHEIT PUBLISERT AV
Ovidie Mari Lynge
Marinbiolog
DEL TIL SOSIALE MEDIER