Økosystemovervaking i kystvatn (Økokyst)

Økosystemovervaking i kystvatn (Økokyst)

23/9/2022

Prosjekt

lesetid

  • Prosjekt: Økokyst
  • Kategori: Miljøovervaking
  • Status: Pågår
  • Oppdragsgjevar: NIVA/Miljødirektoratet
  • Start: 2013
  • Prosjektansvarleg: NIVA
  • Prosjektleiar: Anne Deininger (NIVA)
  • Deltakarar frå Runde forsking: Karsten Kvalsund, Jenny Ullgren, Ørjan Vabø, Roger Kvalsund, Ovidie Lynge
  • Finansiering: Miljødirektoratet
  • Rapportar: Tilgjengeleg på Miljødirektoratet sin nettstad
FAKTABOKS

Økokyst er eit nasjonalt prosjekt i regi av Miljødirektoratet som har som mål å overvake økosystem i norske kyst- og fjordområde. Norsk Institutt for Vannforskning (NIVA) leiar delprogrammet ØKOKYST Norskehavet Sør der Runde Forsking er ansvarleg for prøvetaking på to stasjonar: Skinnbrokleia (VT71) i Herøy kommune og Korsen (VR51) i Stranda kommune.

På begge stasjonar blir det teke vassprøver til analyse av næringssalt og klorofyll-a frå fleire djup. Det vert også målt siktedjup og teke prøver av planteplankton med håv og vasshentar, og ei sonde blir brukt til å måle temperatur, salt, oksygen og turbiditet (grumsetheit) frå overflata og til botnen.

På Skinnbrokleia vert det også målt fleire parametrar, inkludert klima- og havforsuringsparameter og dyreplankton.

Bildegalleri

PROSJEKTLEIAR PÅ RUNDE
NYHEIT PUBLISERT AV
Karsten Kvalsund
Fysikar
DEL TIL SOSIALE MEDIER