Nytt reinseanlegg for drikkevatn i Herøy

Nytt reinseanlegg for drikkevatn i Herøy

9/10/2022

Prosjekt

lesetid

FAKTABOKS

Herøy vasslag på Sunnmøre skal bygge nytt reinseanlegg for drikkevatn på Moltu for å ta bort humus i råvatn frå Mørkevatnet. Det skal installerast Dynasand filter med aluminiumsfelling. Avlaup frå reinseanlegget er tenkt gå gjennom ei sjøleidning til Moltuvika som er del av vassførekomsten Herøyfjorden-Røyrasundet.

Runde Miljøsenter har på oppdrag for vasslaget gjennomført ein miljøkonsekvensanalyse for det framtidige utsleppet, med vekt på utslepp av organisk materiale og aluminium. Modellresultata indikerer der vil oppstå ei innblandingssone innafor ein radius på 5-7 m frå utsleppet. Fortynninga i denne avstanden vil ligge rundt 55X. For aluminium er det antatt ein grenseverdi for toksisitet på 0.3 mg/l for plankton. Denne verdien vil kunne overskridast i innblandingssona, noko som er akseptert for industriutslepp. Innlagring og spreiing skjer djupare enn der levande plankton normalt finst. Tilført organisk stoff vil forbruke oksygen frå sjøvatnet og sedimentet.

Med referanse til erfaringar frå liknande utslepp og måledata frå Moltuvika er det konkludert med at oksygenverdiane ikkje vil bli merkbart reduserte, i høve til naturleg variasjon. Miljørisikoen ved tiltaket er vurdert som liten. Miljø-klassifiseringa og risiko for ikkje å nå miljømålet for vassførekomsten vil ikkje bli endra og det er ikkje venta negative utslag for biodiversiteten som følgje av det planlagte tiltaket. Eit oppfølgjande overvakingsprogram er skissert.

Bildegalleri

PROSJEKTLEIAR PÅ RUNDE
NYHEIT PUBLISERT AV
Lars Golmen
Oseanograf og seniorforskar
DEL TIL SOSIALE MEDIER