Nettverk Marin Forsøpling Møre og Romsdal (MFMR) er ein samlearena for alle som jobbar mot marin forsøpling i fylket. Drifta av nettverket er delt mellom Runde Miljøsenter, Sunnmøre Friluftsråd og Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal
MFMR sitt formål er å inspirere og oppretthalde motivasjonen til strandryddarar i regionen, drive informasjonsarbeid mot skular, industri m.m., samt å vere ein høyringsinstans og ein ressurs i den offentlege diskusjonen rundt forsøplings- og forureiningsproblematikken.
Drifta av nettverket er finansiert av midlar frå Handelens Miljøfond og Senter mot marin forsøpling/Miljødirektoratet.