–
Hornindalsvatnet i Nordfjord er den djupaste innsjøen i Europa (514 m). Grunna klimaendringane er det av både nasjonal og internasjonal interesse å overvake kva endringane kan medføre for lagdeling, sirkulasjon og vasskvalitet i denne typen djup, boreal innsjø. Med dette bakteppet har Lars Golmen utført temperaturmåling o.a. i Hornindalsvatnet fleire gongar pr år sidan 1994 i samarbeid med Hornindal kommune (no Volda kommune).
I 2022 fekk Runde miljøsenter støtte frå Miljødirektoratet til gjennomføring av målingane dei komande åra.
Illustrasjonen syner ein sommarprofil av temperatur. I djupet (hypoliminon) er det liten variasjon gjennom året, men der er ein langtidstrend med aukande temperatur. Episodar med djup konveksjon til botnen har blitt sjeldnare; det går no fleire år mellom kvar slik episode.