Kunnskapsinnhenting for sameksistens mellom fiskeri- og havvindnæring

Kunnskapsinnhenting for sameksistens mellom fiskeri- og havvindnæring

23/9/2022

Prosjekt

lesetid

Illustrasjon: Josh Bauer/NREL – Department of Energy.
FAKTABOKS

HI saman med RMS, UiB og Sintef la inn tilbod til FHF om å gjennomføre eit FOU prosjekt for å kartlegge konsekvensen for fiskeri og havbruk på tre ulike vindkraftprosjekt i Nordsjøen; «Hywind Tampen», «Utsira Nord» og «Nordsjøen Sør». Prosjektet starta opp i februar 2022 og skal ferdigstillast i første kvartal i 2023. RMS er leiar for arbeidspakke for innhenting av informasjon og data frå fiskerinæringa.

For å gå ei framtid med ein høgare energibruk og utfasing av fossile kjelder i møte må det bli produsert meir fornybar energi. Vindturbinar har i seinare tid fått større og større utbreiing, og i det siste har det blitt meir og meir snakk om å flytte denne produksjonen frå land til vatn. Havvind vil truleg beslagleggje store havområde i framtida og vil ha ein påverknad på økosystemet og dei andre næringane i same området. Hovudmålet til dette prosjektet er å kartleggje eksisterande kunnskap og erfaring om havvind sin påverknad på fiskerinæringa.

Havforskingsinstituttet er leiar av prosjektet og SINTEF Ocean, Bergen Ocean Wind Center (Universitetet i Bergen) er samarbeidspartnarar i lag med Runde Miljøsenter.

Nils-Roar Hareide leiar arbeidspakken som går ut på innhenting av kunnskap frå fiskerinæringa. Hovudoppgåvene blir å intervjue fiskarar.

Prosjektet er ein del av forskingsprogrammet WindSys: Effects of floating wind farms on the marine ecosystem, som er organisert av Havforskingsinstituttet.

Sjå også https://www.fhf.no/prosjekter/prosjektbasen/901748/

Intervju av skipper August Fjellskår om bord i MS Nesejenta.
Plotter-data frå fiskebåt som fiskar med bunngarn og snurrevad i Nordsjøen. Data er presentert på Olex kartmaskin, med Mareano sediment kart som bakgrunn.

Bildegalleri

PROSJEKTLEIAR PÅ RUNDE
NYHEIT PUBLISERT AV
Nils-Roar Hareide
Gründer, havforskar og aksjonær
DEL TIL SOSIALE MEDIER