Innovative ship speed and power optimization by the aid of sea current predictions - InnoCurrent

Innovative ship speed and power optimization by the aid of sea current predictions - InnoCurrent

20/9/2022

Prosjekt

lesetid

ADCP (Acoustic Doppler Current Profiler) som vart nytta i målingane.
  • Prosjekt: Innovative  ship speed and power optimization by the aid of sea current predictions  (InnoCurrent)
  • Kategori: Marin  teknologiutvikling
  • Status: Fullført
  • Oppdragsgjevar:
  • Start: 2018
  • Slutt: 2021
  • Prosjektansvarleg: Kongsberg  Maritime AS
  • Prosjektleiar: Birgit  Kjoss Lynge, Kongsberg Maritime AS
  • Deltakarar frå Runde forsking: Jenny  Ullgren, Karsten Kvalsund
  • Finansiering: Norges  Forskningsråd
  • Rapportar: Ikkje tilgjengeleg

FAKTABOKS

Norske styresmakter har eit mål om å gjere Noreg til verdsleiande i miljøvennleg transport til havs. Prosjektet InnoCurrent sitt mål var å bidra til dette. Eit kvart skip under seglas, enten det er til havs eller innaskjers, vil vere påverka av miljøkrefter som vind, bølgjer og overflatestraum. Dette er viktige variablar som påverkar skipet si fart, framdriftsenergi og dermed også utslepp av avgassar. I kystnære farvatn og i norske fjordar er vanlegvis dei lokale straumforholda den viktigaste ukjende krafta som påverkar skipets framdrift. Prosjektet InnoCurrent såg på den isolerte effekten straumforholda i sjøen har på skipets framdrift og forbruk. Målet var å kunne utnytte det potensiale som er i energien i straumen i havet i eit verktøy for ruteplanlegging for å spare drivstoff og dermed også redusere utslepp.

Eit viktig mål med prosjektet var å overvake og forstå samanhengen mellom skipets fart og drivstoff-forbruk. Ved hjelp av loggedata frå lasteskipet M/S Kvitbjørn studerte ein seglingsmønsteret og identifiserte område langs Norskekysten der skipet opererer i med- og motstraum. Resultata viste at val av rute kan vere viktig for tidsbruken og drivstoff-forbruket for skipet for ein gitt seglas.

Sidan lokale straumforhold er viktig for drivstoff-forbruket, er det naudsynt med pålitelege oseanografiske data for å kunne planlegge ei energioptimal rute. Meteorologisk institutt har ein berekningsmodell (NorKyst800) som dagleg gir prognosar for overflatestraum. Ved hjelp av straumdata frå NorKyst800 vart det studert døgnvariasjonar i middelstraumen langs reelle ruter for Kvitbjørn. Det er store døgnvariasjonar i straumforholda langs ruta. Avreisetidspunktet for ein seglas kan dermed vere avgjerande for kva straumforhold skipet vil operere i, og vil såleis kunne påverke drivstoff-forbruk og utslepp.

Straumdata frå NorKyst800-modellen vart også samanlikna mot stasjonære målebøyer i Breisundet på Sunnmøre med gode resultat. I Breisundet vert det utført kontinuerlege målingar av meteorologiske og oseanografiske data finansiert av Statens Vegvesen i forbindelse med ferjefri E39. Gjennom studie av skipsdata og modellert straumdata har vi auka kunnskapen vår om straumforholda skipet operer i. Kunnskapen tileigna gjennom InnoCurrent vil kunne danne grunnlag for vidare arbeid med å utvikle verktøy til ruteplanlegging og tilpassing av fart for best mogleg energieffektiv framdrift.

InnoCurrent var eit samarbeidsprosjekt mellom Kongsberg Maritime AS (som leia prosjektet), NTNU, Meteorologisk Institutt, Havforskingsinstituttet og Runde Miljøsenter. RMS si rolle var å sette saman, kvalitetskontrollere og analysere data frå dei oseanografiske målebøyene. Vi utførte også straummåling frå ein liten båt for å kartlegge den småskala-horisontale variabiliteten i straumfeltet, for å gi eit mål på usikkerheita ved samanlikning av straumdata frå bøyene og frå eit skip som passerer på ein gitt avstand frå bøya.

Båt med påmontert ADCP-sensor

Bildegalleri

PROSJEKTLEIAR PÅ RUNDE
NYHEIT PUBLISERT AV
Jenny Ullgren
Fysisk oseanograf
DEL TIL SOSIALE MEDIER