Haustsamling på Smøla i Nettverk Marin Forsøpling Møre og Romsdal

Haustsamling på Smøla i Nettverk Marin Forsøpling Møre og Romsdal

31/10/2022

Nyheit

2 minutt

lesetid

Foto: Randi Kjærstad Hagerup
FAKTABOKS

21.-23. oktober 2022 vart datoen for haustsamlinga til Nettverk Marin Forsøpling Møre og Romsdal. Samlinga var på Smøla, heilt nord i fylket. Der var vi so heldige å få bu på Eco Camp Norway, ein vandrarheim som ein av nettverksmedlemmane og familien har laga til på ein gammal skule, nesten berre ved bruk av gjenbruksmateriell.

Eco Camp Norway er lokalisert på tidlegare Innsmøla skule, der det og blant anna er ein gjenbruksbutikk – Nestekjærlighet.

På samlinga fekk vi høyre frå Pippip Ferner om kva ho og dei andre i Plastic Guerrilla Movement har drive på med, vi fekk sjå basen til Plastjegerne, og vi fekk gjort litt strandrydding der vi fekk sjå kva Smøla har å tilby av marin forsøpling.

Pippip Ferner viste fram både artige og skremmande figurar laga av ho og dei andre i Plastic Guerrilla Movement.
Plastjegerne sorterer alt søppelet dei finn i Rydd Norge-programmet sjølv inne i denne hallen, som og blir brukt som base for ryddarane.
Vi langvegsfarande fekk eit lite innblikk i kva søppel dei finn på Smøla med å delta på strandrydding sjølv.

Siste dagen av helga gjekk til vårt første “årsmøte” der vi blant anna blei einige om kva vi vil gjer i 2023 og valde medlemsrepresentantar som skal sitje i styringsgruppa.

Nettverket hadde sitt første “årsmøte” i hybrid format på søndagen.

Tusen takk til alle som bidrog til at samlinga vart so bra som den vart! Og takk til Handelens Miljøfond og Miljødirektoratet/Senter mot marin forsøpling for støtta til arrangementet.

Det blei på kort tid samla inn ein heil haug med søppel.

Bildegalleri

PROSJEKTLEIAR PÅ RUNDE
NYHEIT PUBLISERT AV
Ovidie Mari Lynge
Marinbiolog
DEL TIL SOSIALE MEDIER