Forskingsdagane 2022 på Miljøsenteret

Forskingsdagane 2022 på Miljøsenteret

5/11/2022

Nyheit

3 minutt

lesetid

FAKTABOKS

Forskingsdagane – heile Noreg sin forskingsfestival blei i år arrangert frå 21. september til og med 2. oktober med temaet Hav. I samarbeid med Opplev Runde og Høgskulen i Volda arrangerte vi open dag laurdag 24. september i høve festivalen.

I andre etasje kunne man blant anna sjå tang, krabber og sjøstjerne, korall og akvariet som illustrerte lagdelinga i havet. Foto: Opplev Runde.

Dei besøkande på senteret kunne sjå på video frå djuphavet, korleis lagdelinga i havet funkar, dyr og algar frå fjøra, i mikroskop på plante- og dyreplankton, og innside og utside av ulike fisk.

På våtlabben var der fisk i mange ulike fargar og fasongar, blant anna ein Pigghå og ein Rognkall. Foto: Opplev Runde.

Mange i alle aldrar møtte opp til dagen og fekk lære mykje nytt som at lag i sjøen kan ha interne bølger mellom seg, at sjøen er full av bittesmå organismar som blant anna er med å lage den oksygenen vi pustar og at hai har ru skinn.

Bilete i mikroskop av planteplanktonet Dinophysis tripos. Foto: Runde Forsking.

Bilete i mikroskop av planteplanktonet Tripos furca. Foto: Runde Forsking.

Kiking i mikroskop og lupe. Foto: Olaug M. Fuglseth.

Bildegalleri

PROSJEKTLEIAR PÅ RUNDE
NYHEIT PUBLISERT AV
Ovidie Mari Lynge
Marinbiolog
DEL TIL SOSIALE MEDIER