Forskingsdagane 2023 på Miljøsenteret: Ei energisk oppleving!

Forskingsdagane 2023 på Miljøsenteret: Ei energisk oppleving!

Passar både for barn og vaksne

7/9/2023

Nyheit

lesetid

Laurdag 23. september kl. 12–16

Søndag 1. oktober kl. 12–16

Gratis inngang

Stad: Runde Miljøsenter

Kontaktperson: Jenny Ullgren

FAKTABOKS

Energi – drivkrafta til alt

Frå sollyset som gjer at bittesmå planteplankton blomstrar opp i havet, til energien du får av å ete ei skive med makrell i tomat, og elektrisiteten som driv mobilen eller bilen din – alt er energi. På Forskingsdagane på Runde kan du sjå og føle på ulike delar av næringskjeda i havet og finne ut kor dei ulike plantene og dyra får energien sin ifrå. Du kan også prøve å utvinne elektrisitet frå vind og varme, oppleve bølgjene si kraft, og lære deg meir om fornybar energi.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Runde Miljøsenter og Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda.

EKSPERIMENT MED ENERGI

Oi, kor det blæs! Kan vi bruke krafta i vinden til å lage elektrisitet? Kan varme få ei lampe til å lyse? Kva er eigentleg havbølgjer, og går dei å bruke til noko? Kom til Runde og finn ut av dette saman med oss!

Karsten og Jenny skal finne ut kor mykje straum vindmølla produserer
 
ENERGI I NATUREN

Bli med på å utforske næringskjeder og næringsnett med oss på Forskingsdagane. Korleis gjer planter og alger om solenergi til mat? Kven spiser kven i havet, og kvifor er det fleire av dyra som spiser planter enn av dyr som spiser dyr som spiser andre dyr?

Her er Ørjan i gang med å førebu seg til å studere fiskar

KJENN ENERGIEN I HAVET PÅ KROPPEN MED COASTEERING

På forskingsdagane kan du prøve coasteering. Straum og bølger er eit produkt av energi som blir transportert gjennom sjøen. På coasteering kan du bli med ut og leike og føle på dette.

Vi tek på oss våtdrakt, redningsvest og hjelm, og så tek vi turen ut i vatnet. Der skal me utforske korleis ein kan bevege seg trygt i litt bølger, og kjenne på og observere korleis bølger og straum bevegar seg.

«Coasteering er ei blanding av å klyve på land og å bevege seg i vatnet. Ein skal symje, gå, klyve og flyte. Ein kjekk aktivitet som passar for dei aller fleste!»

Tidspunkt for avgangar er: 12:30 og 14:30

PRAKTISIK INFO OM COASTEERING

Alder: Minimum 16 år – Begrensa med plassar og draktstorleikar

Du må ha med badeklede til å ha på under våtdrakta og handduk. Det er lurt med eit par gode tjukke ullsokkar. Du får låne våtdrakt, flytevest, hjelm, sko og hanskar. Har du eiga våtdrakt er det absolutt lov å ta den med.

PÅMELDING TIL COASTEERING

På grunn av begrensa antall plassar er det lurt med førehandspåmelding. For å bli med sender du ein e-post til booking@runde.no med namn, vekt og høgde for den/dei som ønsker å bli med, og ønska avgang. Personar under 18 år må ha med føresett til starten av aktiviteten for å stadfeste eigenerklæring.

*

Foto av coasteering i bildegalleriet nedanfor: Runde Miljøsenter / Johannes Kjær Madsen

Bildegalleri

PROSJEKTLEIAR PÅ RUNDE
NYHEIT PUBLISERT AV
Øyvind Rødset
Informasjonskonsulent
DEL TIL SOSIALE MEDIER