Forskarar og studentar frå Tokyo på besøk

Forskarar og studentar frå Tokyo på besøk

5/11/2022

Nyheit

1 minutt

lesetid

FAKTABOKS

Ei gruppe forskarar og studentar frå Tokyo University of Marine science & Technology vitja Runde ei veke i slutten av september 2022.  

Gruppa var her for å lære om næringslivet i regionen, naturtilhøva og havenergi.

Dette besøket er del av eit fast årleg opplegg på Runde, men som vart sett på pause under pandemien.

Japanarane har vore på besøk ved fleire verksemder og om bord i fiskebåtar i Herøy.  Dei var på båttur rundt Runde, ga eigne presentasjonar og deltok i samtalar på miljøsenteret.

Lars Golmen frå Runde er tilknytt dette universitetet og er lokal kontaktperson for gruppa.

Informasjon om universitetet: https://www.kaiyodai.ac.jp/english/

Bildegalleri

PROSJEKTLEIAR PÅ RUNDE
NYHEIT PUBLISERT AV
Lars Golmen
Oseanograf og seniorforskar
DEL TIL SOSIALE MEDIER