Studentbesøk frå Tokyo University of Marine Science and Technology er ei årleg hending i samarbeidet som Runde Miljøsenter har med TUMSAT. I år som tidlegare var det mykje spennande på programmet, og gjengen var strålande nøgde med opphaldet, som hadde base på RMS.
Under årets besøk på RMS fekk dei eit innblikk i arbeidet som blir gjort av miljøsenteret. Emner dei var innom femner om energi, fiskeri, økologi, sjøfugl og maritim industri
I tillegg var dei på besøk til NTNU i Ålesund, dei fekk lære om kva NIVA driv med, og dei fekk foredrag om kråkebollar. Andre postar på programmet var tur med fiskebåt, besøk på MOWI i Fosnavåg for å sjå på lakseproduksjon og verftsbesøk i Ulsteinvik m.m.
Professor Shun Nomura som var ein av deltakarane hadde også stand under forskingsdagen 23. September. Han demonstrerte ny teknologi som skal gjere fundamentering av havvind turbinar lettare.
RMS og TUMSAT forlenga nyleg MoU for samarbeid for nye tre år.
Vi takkar for kjekt besøk, og ser fram til neste år med ei ny gruppe frå TUMSAT på Runde :)