Våren i sjøen

Våren i sjøen

25/3/2024

Nyheit

3 min

lesetid

FAKTABOKS

På land byrjar vi å sjå dei første teikna til at våren er komen. Hestehoven blomstrar, tjelden har kome tilbake frå sørlegare strøk og lundefuglen har begynt å samle seg utanfor kysten vår, og so vidt opp i lundeura.

Tjeld på Runde. Foto Johannes Madsen, Opplev Runde.

Visste du at det no også forgår store ting under vassoverflata? På vinteren er vasslaga godt blanda, og det er lite tilgang på sol, slik at plankton slit med å vekse og formeire seg. Dette gjer at vatnet i sjøen er veldig klart. Når sola byrjar å titte fram hyppigare på våren derimot, og vasslaga i sjøen stabiliserar seg, skjer ei oppblomstring av planteplankton (fytoplankton). Næring frå djupare i sjøen har gjennom vinteren blitt blanda opp til overflata og sjiktinga i vassøyla fører til at planktonet ikkje blir skylt ned i djupet. Planteplanktonet har små energifabrikkar kalla kloroplastar der dei driv fotosyntese og gjer sollyset om til energi og oksygen.

Tett etter blomstringa av planteplankton kjem det ei oppblomstring av dyreplankton (zooplankton) som beitar på planteplanktonet. Ei vanleg dyreplanktonslekt i Noreg er Calanus (hoppekreps), som på folkemunnen blir kalla Raudåte. Andre eksempel på dyreplankton er manetar og larvar av fisk og andre dyr som sjøstjerner, kråkebollar.

Våroppblomstringa er veldig viktig for heile næringskjeda i havet og skjer på ulike tidspunkt år for år avhengig av forhalda i vassøyla. Det er også stor forskjell på når oppblomstringa skjer både lokalt og nasjonalt langs heile vårt langstrekte land.

Store mengder planteplankton sett i mikroskop. Foto Runde Forsking.
Planteplankton sett i mikroskop, i midten er arta Thalassiosira auguste-lineata. Foto Runde Forsking.

Bilete av Calanus (hoppekreps) sett i eit mikroskop. Foto Runde Forsking.

Dei siste vekene har Ørjan, ein av marinbiologane våre, vore ute og tatt dei første håvtrekka for året her ved Runde for å overvake planktonoppblomstringa. Han kjem til å følgje med på oppblomstringa ut over våren. Vi kallar dette prosjektet for match/mismatch, då vi på sikt håper å kunne lage ein tidsserie og sjå på når oppblomstring av planteplankton- og dyreplanktonoppblomstringa skjer. Tidspunktet for oppblomstringa kan lede til ei kaskade-effekt igjennom næringskjeda og både påverkar klekkesuksessen til lundefuglen gytesuksessen for økonomiske viktige fiskebestandar.

Bilete frå felt- og labarbeid. Til venstre: planktonhåven som blir brukt for å sile ut dei små organismane frå sjøvatnet. Nede til høgre: prøva frå håvtrekket blir putta på ein beholdar og transportert til land for analysering. Oppe til høgre: det trengs skikkeleg utstyr for å klare å sjå dei bittesmå planktona. Foto Johannes Madsen, Opplev Runde.

Bildegalleri

PROSJEKTLEIAR PÅ RUNDE
NYHEIT PUBLISERT AV
Ørjan Sørstrønen Vabø
Marinbiolog
DEL TIL SOSIALE MEDIER