Tverrfagleg luktseminar

Tverrfagleg luktseminar

26/9/2023

Nyheit

lesetid

Korleis brukar vi lukt til å skape meining? Det vil forskarane finne svar på. Foto: Jennifer Coe
FAKTABOKS

Prosjektet «Olfactory cultural studies» kan kanskje best omsetjast til norsk som «lukt-kulturelle studiar». Ei tverrfagleg internasjonal gruppe på fire forskarar fekk i 2022 midlar frå Nordforsk sitt program for samarbeid til eit toårig prosjekt der målet er å gjennomføre utforskande seminar for undersøkje og utvikle forskingsmetodar som tek luktesansen vår på alvor. Prosjektgruppa med Antti-Ville Villén (kunstuniversitetet i Helsingfors), Erik Fooladi (Høgskulen i Volda), Qian Janice Wang (Universitetet i København) og Anu Hopia (Universitetet i Åbo) kjem frå ulike fagområde, og samla 3.-6. september til saman 15 forskarar frå heile verda på Runde.

I tillegg til å diskutere dei individuelle prosjekta til deltakarane er det eit mål å byggje forskingsnettverk og i tillegg utvikle samfunnsvitskaplege og humanistiske forskingsmetodar som kan hjelpe oss å forstå korleis vi bruker lukt til å skape meining:

  • Korleis skaper vi meining frå lukt i ulike miljø?
  • Korleis blir luktfenomen forstått og representert i kunst og media?
  • Kva roller spelar lukt i utvikling av sosiale og kulturelle identitetar?

Deltakarane kom frå svært ulike fagområde og presenterte prosjekt der lukt var ein sentral komponent:

  • Utvikling av litteraturvitskaplege forskingsmetodar for å forstå rolla til lukta i litteratur (litteraturvitskap; USA)
  • Lukta av død i Japan; rolla til lukta for dei som arbeider med å rydde opp når menneske som har gått bort i eigen heim, og den kulturelle rolla røykjelse speler i japanske ritual relatert til død (antropologi; USA, Australia)
  • Lukt brukt som verkemiddel i museum og kunstgalleri (formidling; Belgia/Nederland, Irland)
  • Plassen til lukta blant dei fem sansane når barn og vaksne skal teikne ulike smaksopplevingar av mat og drikke (undervisning og læring; Italia)
  • Fellestrekk og forskjellar i lukt mellom ulike slags ferskvassfisk (matvitskap; Finland)
  • Lukt i multisanselege kunstinnstallasjoner og performativ kunst (kunst; Finland, Argentina/Noreg)
  • Plassen til lukta i promotering av eit byutviklingsprosjekt i Amsterdam (arkitektur; Nederland)
  • Utvikling av eit «aromahjul» til bruk i skildringar og vurdering av Comté-ost (matkultur/matvitskap: Frankrike)
  • Plassen til lukta i tilrettelegging av miljø for unge ukrainske flyktningar i Polen (sosiologi; Polen)

Som del av utviklinga av forskingsmetodar vart det gjennomført luktvandringar i ulike miljø på Runde og ved Atlanterhavsparken i Ålesund, der opplevingane og assosiasjonane til deltakarane vart dokumenterte. Slik ønskjer forskarane å få innsikt i, til dømes, kva rolle lukt speler i opplevinga, og kanskje verdsetjinga, av, å stå i fjøra på Runde eller sitje i eit naust, for deretter å komme inn i kafeen på Runde miljøsenter.

Prosjektet held fram og skal i 2024 gjennomføre tilsvarande seminar i Danmark og Finland.

Deltakarar og vertskap under luktseminaret. Ein uredd måse ville også vere med på bildet. Foto: Erik Fooladi

Bildegalleri

PROSJEKTLEIAR PÅ RUNDE
NYHEIT PUBLISERT AV
Erik Fooladi
Førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda
DEL TIL SOSIALE MEDIER