Søndagsforedrag på Runde Miljøsenter 19.mars

Søndagsforedrag på Runde Miljøsenter 19.mars

Livet på djupet: Korall og andre fascinerande organismar i norske fjordar

15/3/2023

Nyheit

lesetid

FAKTABOKS

Visste du at du ikkje treng å reise langt for å finne førekomstar av korall? Marinbiolog Ørjan Sørstrønen Vabø var med då Runde Forsking og Møreforsking var på tokt og oppdaga hittil uregistrerte korallrev på Sunnmøre.

Under foredraget søndag 19. mars viser Ørjan mellom anna opptak av korallane filma med undervassdrone under toktet. Ørjan tek oss med under vatn, og fortel om korall og svamp i Noreg. Kvar finst dei, kva rolle har dei i økosystemet, og kvifor er det viktig å ta vare på dei? Han viser bilete og film frå havbotnen, frå tokt der det har blitt filma med ROV/Blueye.

Du får også lære om andre organismar som ein kan finne i norske fjordar, frå svamp til planteplankton og sjøpølser.

Ørjan er marinbiolog, og interesserer seg for alt frå plankton til korall. Han har ein mastergrad på kartlegging av artsmangfald og diversitet i norske fjordar. I masteroppgåva hans var hovudfokus på diversiteten rundt sårbare naturtypar danna av korall og svamp (til dømes korallrev), og kva miljø ein kunne finne desse naturtypane i.

Tid: 15:00
Inngong: Kr 50,-

Kafé og utstilling held ope frå 12:00-17:00, med servering av middag, kaffi og kaker.

Vel møtt!

Her finn du arrangementet på Facebook

Bildegalleri

PROSJEKTLEIAR PÅ RUNDE
NYHEIT PUBLISERT AV
Cecil Elisabet Nerbø
Dagleg leiar - Opplev Runde
DEL TIL SOSIALE MEDIER