Søndagsforedrag med marinbiolog Roger Kvalsund 12.februar

Søndagsforedrag med marinbiolog Roger Kvalsund 12.februar

8/2/2023

Nyheit

lesetid

FAKTABOKS

Roger har vore tilsett ved Runde Miljøsenter sidan oppstart, og fram til han no går av med pensjon. Denne søndagen får du ei heilt unik moglegheit til å høyre Roger fortelje om våren i sjøen. Du får sjå og lære om det ein ikkje kan sjå med det blotte auge- det fins mange raritetar i økosystemet. I dette store økosystemet er mange avhengige av kvarandre.

Roger er Marinbiolog (cand.real) frå Universitetet i Bergen, og har hovudfag på zooplankton. Han er også pedagog, har jobba med undervising mellom anna på leirskulen på Runde, og er ein inspirerande formidlar. Med lang fartstid innafor akvakultur, drift av landbaserte anlegg for marine artar, vasskvalitet i lukka anlegg og transportsystem har han tilegna seg stor kunnskap om fiskehelse og miljøpåverknad frå oppdrett. Han har i ei årrekke hatt ansvar for gyteundersøkingar hos torsk i Borgundfjorden.

Ved Runde Miljøsenter har Roger vore involvert i dei fleste miljøprosjekta til senteret, og då spesielt dei langvarige oppdraga om den kystnære silen sin biologi og økologiske rolle i økosystemet. Han har også utført sesongbaserte oppdrag for Havforskningsinstituttet i meir enn 10 år.

Foredraget startar klokka 15:00. Inngang kr 50,-

Sal av middag, kaffi og kaker i kaféen frå 13:00 - 17:00

I samband med morsdag blir det gratis inngang og kaffi/te til alle jenter/damer.

Her finn du arrangementet på Facebook

Bildegalleri

PROSJEKTLEIAR PÅ RUNDE
NYHEIT PUBLISERT AV
Cecil Elisabet Nerbø
Dagleg leiar - Opplev Runde
DEL TIL SOSIALE MEDIER