Søndagsforedrag 5. mars

Søndagsforedrag 5. mars

«Laks og sjøaure på Sunnmøre – Kvar blei fisken av?»

28/2/2023

Nyheit

lesetid

Marius Kambestad forskar på både laks og oter. Søndag held han foredrag på Runde, og kan gi ein del svar på kvifor det blir mindre fisk i elvane
FAKTABOKS

Foredragshaldar: Marius Kambestad (NORCE)


Visste du at det sym ca. 10.000 laks opp i elvane på Sunnmøre kvart år? Og at disse legg 11 millionar egg i elvegrusen kvar haust? Likevel blir det mindre laks og sjøaure i elvane. Kvifor er det slik? Om du tek turen til Runde på søndag kan du få ein del svar, og du kan spørje ein av dei som veit mest om dette her til lands.

Sunnmøre har ei lang rekke elvar med bestandar av laks og sjøaure, og lange tradisjonar for fiske etter desse artane. Dei seinare år har mengda laks og sjøaure i mange av elvane blitt dramatisk redusert. Oppfatningane om årsakene er mange: Skuldast det lakselus, overfiske, klimaendringar, vasskraft, kanalisering av elver? Eller kanskje er alt oteren si skuld? Kva meiner forskarane og kva meiner lokalbefolkninga?

Marius Kambestad er forskar hjå Norwegian Research Centre (NORCE) i Bergen. Han er forskar på ferskvannsøkologi, med laks og sjøaure som spesialfelt, og er leiar for forskingsprosjekta «Mer laks og sjøørret på Sunnmøre» og «Return of the otter».

Dato: 5. mars 2023
Tid:
15:00
Inngang:
Kr 50,-

Kafé og utstilling held ope frå 12:00–17:00 med servering av middag, kaffi og kaker.

Her finn du arrangementet på Facebook

Bildegalleri

PROSJEKTLEIAR PÅ RUNDE
NYHEIT PUBLISERT AV
Cecil Elisabet Nerbø
Dagleg leiar - Opplev Runde
DEL TIL SOSIALE MEDIER