Runde Miljøsenter tildelt 3 million kroner i statsbudsjettet for 2023

Runde Miljøsenter tildelt 3 million kroner i statsbudsjettet for 2023

30/11/2022

Nyheit

lesetid

Dei tilsette ved Runde Miljøsenter er godt nøgde med tildelinga på statsbudsjettet. Det er totalt 17 tilsette ved senteret, men kun 10 av dei var til stades på Runde i dag.
FAKTABOKS

Nyheita om at Runde Miljøsenter er tilbake på statsbudsjettet med 3 mill er svært gledeleg.

Styre og tilsette er letta og glade for at politikarane på stortinget har fått til dette.

Vi har opplevd ein brei og samla innsats frå fleire politikarar frå Møre og Romsdal.

Både Arbeidarpartiet, SP, Høgre, Venstre og SV har bidratt, og vi har forstått det slik at SV ved Birgit Oline Kjerstad har arbeidt særs hardt for dette.

Stor takk frå Runde Miljøsenter til alle som har engasjert seg.

Løyvinga gjer oss i stand til å halde fram arbeidet med kunnskapsoppbygging og formidling om samanhengen mellom fugl, fisk, hav og menneskeleg påverknad på det marint økosystem.

Bildegalleri

PROSJEKTLEIAR PÅ RUNDE
NYHEIT PUBLISERT AV
Ottar Håkonsholm
Dagleg leiar i Runde Forsking og Runde Miljøsenter
DEL TIL SOSIALE MEDIER