Resipientundersøking Ålesund og Sula kommunar

Resipientundersøking Ålesund og Sula kommunar

13/2/2026

Prosjekt

lesetid

  • Prosjekt: Resipientundersøking i Ålesund og Sula kommunar
  • Prosjektstart: Februar 2026
  • Prosjektleiar internt: Karsten Kvalsund
  • Oppdragsgjevar: Ålesund og Sula kommunar
  • Prosjektansvarleg: Akvaplan-niva
FAKTABOKS

Eit reint og sunt vassmiljø er avgjerande for økologiske prosessar i naturen men også for menneskeleg aktivitet som industri, matproduksjon og ikkje minst drikkevatn. Vassressursane våre kryssar både kommunegrenser men også landegrenser og ein påverknad i eit område kan få konsekvensar i eit anna. Det europeiske vassdirektivet stiller krav til forvaltinga av vassmiljøet i Noreg og Europa og krev at vatnet skal forvaltast som ein heilskap, og elvar, innsjøar, grunnvatn og kystvatn skal sjåast i samanheng. For å gjennomføre dette har Miljødirektoratet (2025, 10. februar) laga ein rettleiar for norske farvatn kalla Klassifiseringsveilederen, der biologiske, kjemiske og fysiske kvalitetselement blir klassifiserte til forskjellige tilstandsgrader basert på verdiane ein måler. Klassifiseringsgrensene varierer mellom forskjellege regionar langs kysten og mellom vasstypar og går frå «svært god» til «svært dårleg» der målet er at ingen av vassforekomstane skal ha lågare enn «god» tilstand.

Undersøkingar i samsvar med Klassifiseringsveilederen har blitt gjennomført i 2012, 2018 og 2022 for fjordområdane i Ålesund og Sula kommunar. Resipientundersøkingane i desse områda gjennomførast fordi utsleppsløyva for kommunale avløpsanlegg krev overvaking av resipienten for anlegg som har fått dispensasjon frå krav om sekundærrensing. Undersøkingane skal gi ei oppdatert skildring av miljøtilstanden og dokumentere utviklinga over tid. Runde Forsking er underleverandør for Akvaplan-niva i resipientundersøkinga for Ålesund og Sula kommune for 2026, i likskap med oppdraget vi hadde i 2022. Undersøkinga inneberer å undersøke hydrografi, konsentrasjon av næringssalt og klorofyll i fjordområda. Vidare bistår vi Akvaplan-NIVA i felt med fjøresoneundersøkingar og undersøkingar av blautbotnfauna og sedimentkjemi.

Bildegalleri

PROSJEKTLEIAR PÅ RUNDE
NYHEIT PUBLISERT AV
Karsten Kvalsund
Fysikar
DEL TIL SOSIALE MEDIER