Natursats: Kartlegging av biologisk mangfald i Sunnmørsfjordane

Natursats: Kartlegging av biologisk mangfald i Sunnmørsfjordane

13/2/2026

Prosjekt

lesetid

Annelise Chapman
  • Prosjekt: Natursats
  • Prosjektstart: 2025
  • Prosjektslutt: 2025
  • Prosjektleiar: Ovidie Mari Lynge
  • Finansiering: Hareid Kommune
FAKTABOKS

Det biologiske mangfaldet langs kysten og i fjordane på Sunnmøre representerer komplekse og sårbare økosystem. Det finnast ein del tilgjengeleg informasjon og data på biologiske ressursar og økosystem i fjordsystemet, men denne informasjonen er spreidd og vanskeleg å få overblikk over. For å gjere denne informasjonen lett tilgjengeleg, samt definere viktige kunnskapshol, blei arbeidet med å samle denne informasjonen i ein felles rapport for Sunnmøre starta. Som ein konsekvens av klimaendringane har sjøtemperaturane blitt høgare og saltinnholdet blitt lågare, som påverkar vassutskiftinga i dei djupe fjordområda. Desse endringane har konsekvensar for oksygenkonsentrasjonen og levevilkåra for artar som er tilpassa stabile, kalde miljø.

Grunna den store geografiske variasjonen på Sunnmøre finnast det eit mangfald av habitat for marine organismar. Dette gir opphav til eit økosystem beståande av mangfaldige artar men også mange sårbare naturtypar som tareskog, ålegrasenger, korallrev og svampskog. Desse naturtypane er ekstremt viktige for økosystemet då dei blant anna er viktige oppvekstområde for artar som kysttorsk og sei, men også fungerer som karbonlagring og som skjulestad for ei rekke artar.

Sunnmørsfjordane har vært utforska sidan 1750-åra då presten Hans Strøm arbeida med å dokumentere både botanikk, fisk og marin flora, men også fiskeri, handverk, folkeliv og næringsliv i regionen. Sunnmøre og Sunnmørsfjordane var då blant dei best skildra områda i landet. Verket hans gir eit rikt bilete av det biologiske mangfaldet slik det såg ut for om lag 260 år sidan, og bidreg til å setje dagens arbeid inn i ein historisk samanheng. Sidan den gang har menneskeleg påverknad gjort store endringar på fjorden. Med varmare sjøtemperaturar har nye framande arter kome til, medan fleire vanlege artar, som kysttorsk og fleire sjøfuglar, har gått kraftig tilbake. Samtidig med dette har menneskeleg aktivitet auka gjennom akvakultur, tarehausting og meir effektive fiskerimetodar som har endra bruken av fjordsystemet. Dette har ført til både nye næringar og nye utfordringar, der naturen er under press og berekraftig forvalting krev stadig meir kunnskap.

Arbeidet med denne rapporten vart gjennomført i 2025 og byggjer på ein tidlegare mindre rapport som omhandlar biologisk mangfald i verdsarvområdet Geiranger-Tafjorden (Hareide mfl., 2024). Rapporten samanfattar kunnskap om marine naturverdiar på Sunnmøre og byggjer på data frå mange kjelder, både innhenta gjennom undersøkingar som Runde Forsking har gjennomført, og data publisert frå andre fagmiljø og institusjonar. Målet har vore å samle, systematisere og synleggjere kunnskap for regionen, slik at kommunar og forvalting får eit betre grunnlag for berekraftig planlegging og bruk av kystområda, samtidig som viktige kunnskapshol har blitt lokalisert.

Bildegalleri

PROSJEKTLEIAR PÅ RUNDE
NYHEIT PUBLISERT AV
Ovidie Mari Lynge
Marinbiolog
DEL TIL SOSIALE MEDIER