Interaksjonar mellom sjøkablar og biodiversitet: Korleis påverkar undervasskablar førekomst av botnlevande marine organismar?

Interaksjonar mellom sjøkablar og biodiversitet: Korleis påverkar undervasskablar førekomst av botnlevande marine organismar?

10/2/2026

Prosjekt

lesetid

Foto: Annelise Chapman
  • Prosjekt: Interaksjonar mellom sjøkablar og biodiversitet: Korleis påverkar undervasskablar førekomst av botnlevande marine organismar? - Sjøkabal
  • Prosjektstart: 2025
  • Prosjektleiar: Ørjan Sørstrønen Vabø
  • Finansiering: Regionalt Forskningsfond Møre og Romsdal
FAKTABOKS

Når vi forstår samspelet mellom teknologi og natur, opnar det seg nye moglegheiter for å redusere skade og samstundes styrkja livet under havoverflata.

Kva skjer med økosystemet når vi legger kablar på havbotnen? Ny infrastruktur langs kysten eller offshore knytt til blant anna energiforsyning og akvakultur skapar interaksjonar mellom sjøkablane og dei botnlevande organismane. Kva konsekvensar har dette for livet på havbotnen?

Prosjektet Sjøkabal har som målsetting å sjå på interaksjonar mellom sjøkablar og biodiversitet på havbotnen og korleis dette påverkar dei botnlevande organismane. Runde Forsking vil saman med NTNU Ålesund, Linja, og Seawhistle Advice undersøkje eventuelle positive og negative effektar av sjøkablar på biodiversitet, og då særleg på dei botnlevende organismane. Dette ynskjer vi å undersøke ved å sjå på biodiversiteten rundt kablar med ulike eigenskapar og samanlikne med referanseområder utan kablar.  

Visuelle undersøkingar av kablane vil skje med undervassdrone, der vi vil kartlegge botnlevande artar på og assosiert med sjøkablane. Samstundes ynskjer vi å rangere faktorar som påverkjer botnlevande organismar (som for eksempel kabeldiameter, straumkapasitet i kabel, djup, substrat, helling, med meir) ved bruk av statistiske metodar som ser på fleire variablar på ein gong. Med dette ynskjer vi å sei noko om sjøkablane si effekt på økosystemet. Denne kunnskapen kan vidare brukast i vassforvaltinga, men også i berekraftig utvikling av næringa mot naturbaserte løysingar. Bruken av sjøkablar forventast å auke i åra framover og dette forprosjektet vil danne grunnlag for meir inngåande in-situ atferdsundersøkingar og eksperimentell testing av sjøkabelinfrastruktur og effekt på biodiversitet i Noreg, men også for resten av verden. Konsekvensutgreiinga av sjøkablar på havbotnen vil kunne gi næringa ei moglegheit til å minimere negativ påverknad, og potensielt også bidra til positiv påverknad, på økosystemet.

Bildegalleri

PROSJEKTLEIAR PÅ RUNDE
NYHEIT PUBLISERT AV
Ørjan Sørstrønen Vabø
Marinbiolog
DEL TIL SOSIALE MEDIER