Innleiar samarbeid med skotsk forskingsstasjon

Innleiar samarbeid med skotsk forskingsstasjon

31/3/2023

Nyheit

lesetid

Representantane frå St Abbs Marine Station og Runde Miljøsenter var godt nøgde etter signering av intensjonsavtalen.
FAKTABOKS

Runde Miljøsenter og St Abbs Marine Station har signert ein såkalla MOU (intensjonsavtale) for framtidig samarbeid. Dette er starten på eit fruktbart samarbeid mellom forskingsstasjonane.

Runde Forsking og St Abbs Marine Station har mange felles forskingstema. Det er viktig for RMS å ha ein samarbeidspart i Skottland. Dette gjer mellom anna at vi får eit breiare datagrunnlag og at vi kan samanlikne mellom lokasjonar.

Samarbeidet vil hovudsakleg vere innan overvaking av kystøkologi/økosystem, klimaendring og berekraftig forvalting.

Her kan du besøke nettsida til St Abbs Marine Station

Bildegalleri

PROSJEKTLEIAR PÅ RUNDE
NYHEIT PUBLISERT AV
Ottar Håkonsholm
Dagleg leiar i Runde Forsking og Runde Miljøsenter
DEL TIL SOSIALE MEDIER