Historia bak kamera i Lundeura

Historia bak kamera i Lundeura

12/4/2024

Nyheit

2 min

lesetid

FAKTABOKS

Vi har i mange år hatt veldig lyst til å setje eit eller fleire kamera i Lundeura, for å sjå på oppførselen til fuglane, og for å sjå på kor mykje og kva slags mat dei tek med heim. I tillegg er dei veldig søte å sjå på!

Dessverre er fuglekoloniar normalt sett dårleg utstyrte med innlagt straum og internett, og slik er det også på Runde. I 2022 sette vi opp eit kamera der, som fekk straum frå eit par solpanel vi hadde diskret plassert i ura. Bileta vart sendt via 4G nettet. Dessverre var kapasiteten sopass avgrensa, at vi berre kunne servere stillbilete teke annakvart minutt til sjåarar der heime. Ein forskar hos oss kunne spandere på seg nokre snuttar livesending kvar dag, som gav meirsmak.

Vi har hatt eit godt samarbeid med Kongsberg-gruppa, då spesielt tidlegare Rolls-Royce i Ulsteinvik. Dei har utvikla eit system dei kallar Maritime Broadband Radio, som gjer at skip og ubemanna farkostar kan kommunisere via trådlaust breidband så lenge dei kan sjå kvarandre. Dette er eit robust system utvikla for hardt vêr til sjøs, som ein også finn i Lundeura. Vi har fått disponere eit sett med to sendarar/mottakarar gratis, og har brukt dette til å få meir lundevideo, av høgare kvalitet.

Vi testa dette med suksess i 2023, og ser at mange har følgt med på kva lundane gjer på nett. I år har vi lagt til to kamera til, for meir intim snoking inne i lundereir. I tillegg har vi auka størrelsen på solpanela, for vi såg i fjor at dei leverte i minste laget med straum på grå dagar på hausten. Dessverre ser vi at også dette større anlegget leverer litt for lite straum på grå dagar no tidleg på våren. Dersom de er inne på morgon eller føremiddag for å sjå, og berre ser svart straum, er dette årsaka. Bileta vil kome tilbake seinare på dag.

Stillbilete frå kameraet inne i eine reiret i Lundeura. Her har eit par funne seg godt til rette og vi kryssar fingrane for at dei får ei vellukka hekketid!

Utstyret vart installert første veka i mars, slik at det var på plass før fuglane kom. Av hensyn til fuglane er det ferdselsforbod i Lundeura etter 15. mars. Vi har søkt og fått løyve til skånsom ferdsel i Lundeura også innanfor forbodstida om nødvendig, i følgje med ornitolog.

Bildegalleri

PROSJEKTLEIAR PÅ RUNDE
NYHEIT PUBLISERT AV
Karsten Kvalsund
Fysikar
DEL TIL SOSIALE MEDIER