Havforskarmøtet 2023

Havforskarmøtet 2023

24/11/2023

Nyheit

2 min

lesetid

FAKTABOKS

Den 20.-22. november kom i overkant av 40 havforskarar og studentar frå Norsk Havforskerforening til Runde for det årlege Havforskarmøtet med eit fullpakka og spanande program. Det overordna temaet for konferansen var i år «Mat frå havet».

Første kvelden gjekk til årsmøte og i tillegg fekk vi besøk av Vasco Pinhol som haldt eit interessant foredrag om tilknytinga si til havet, og sine erfaringar gjennom ei lang karriere som dykkar og undervassfotograf. I del to og tre av foredraget fortalte han om forsøplinga i havet og om det tradisjonelle Borgundfjordfisket som han har følgt og dokumentert i 7 år.

På sjølve konferansen fekk vi høyre spanande innslag innan tema som: fiskeri og fiskeriteknologi, korleis få eit meir berekraftig fiske, lavtrofisk oppdrett, mesopelagiske organismar og meiofauna. I tillegg var der ein open sesjon på konferansen, der blant anna vår eigen Christoph Noever fortalte om forskinga vår på sil på Sunnmøre, og det blei haldt ein poster-sesjon.

Dette har vore nokon interessante og lærerike dagar og vi tek med oss mykje ny kunnskap og nye kontaktar. Takk til alle styret i Norsk Havforskerforening for det flotte arrangementet, og spesielt for å leggje møtet til oss ute i distriktet!

Bildegalleri

PROSJEKTLEIAR PÅ RUNDE
NYHEIT PUBLISERT AV
Ovidie Mari Lynge
Marinbiolog
DEL TIL SOSIALE MEDIER