Gjorde heilt tilfeldig oppdaging under påsketokt

Gjorde heilt tilfeldig oppdaging under påsketokt

8/4/2024

Nyheit

5 min

lesetid

Bjørnar Torvholm, Vestlandsnytt
FAKTABOKS

Denne artikkelen er skriven av Bjørnar Torvholm frå Vestlandsnytt. Vi har fått løyve av dei til å republisere den på vår nettside.

Medan mange naut påskeferien i ro og fred, var marinbiolog Christoph Noever frå Runde Forsking og seniorforskar Kjell Nedreaas frå Havforskingsinstituttet fullt opptekne på forskingstokt – på jakt etter silens hemmelegheiter.

Om bord på det gamle, ærverdige forskingsfartøyet G. M. Dannevig, eit skip bygd i 1979, møter vi dei to forskarane. Det er fyrste påskedag og skipet har lagt til kai i Fosnavåg.
– Vi opererer mellom Gulen og Ålesund. Dette er fordi det er her vi har informasjon om grunnforholda takka vere marine grunnkart. I år dekker vi elles eit større område. I fjor nådde vi Runde, men i år har vi vore nord til og med Vigra.
Nedreaas og Noever ønskjer oss velkomen om bord. Fartøyet, eigd av Havforskingsinstituttet, har denne påska vore eit flytande laboratorium for å avdekkje løyndommane til ein av dei mange gåtefulle innbyggjarane i havet: silen.
– Vi har to mål med dette toktet. For det fyrste ønskjer vi å finne gode lokasjonar der vi kan drive årleg overvaking på silen. Dette hjelper oss med det andre, sjølve hovudmålet vårt; å lære meir om silen på den norske kysten, forklarar Nedreaas.

Båten som var i bruk på toktet var G. M. Dannevig, eigd av Havforskningsinstituttet. Foto Bjørnar Torvholm, Vestlandsnytt.

Nøkkelart
Silen, også kjent med sitt danske namn «tobis», er eit naudsynt bindeledd i næringskjeda. Han knyt saman dei små planktondyra med større fiskeartar og fuglar. Silen må vere på plass for at fuglar og fisk langs kysten skal ha nok mat å leve av. Dei kan nemleg ikkje leve av planktonorganismar på same måte som silen.
Det forskarane på Runde og i Havforskingsinstituttet har jobba mykje med er å lære meir om silen som er på kysten. Ein veit lite om den samanlikna med silen som det vert fiska på i Nordsjøen.

Fangst frå ein stasjon på toktet. Her var det både flekka og uflekka storsil, havsil og glattsil, samt nokon fløyfisk. Foto Runde Forsking.

Forskar på natta
Det er stille i båten. Mannskapet på fire og dei tre forskarane om bord nyttar tida på dagtid til å kvile seg. Det er nemleg ikkje på dagtid det skjer om bord på arendalsskipet.
– Vi jobbar om natta. Medan silen sym i stim på dagtid grev dei seg ned i sandbotnen om natta for å skjule seg frå rovfisk. Det er då vi får tak i han med «sil-skrapa» vår, forklarer Noever medan han viser fram litt av utstyret dei brukar til å forske med.
– Men spørsmålet vi alle lurer på, har de funne noko interessant i år? Dei to forskarane gir stadfestande nikk.

Sil-skrapa som blir brukt til å fange silen som ligg nedgravd i sedimentet på natta. Foto Runde Forsking.

Glattsilen: Ikkje så uvanleg som ein opphavleg antok
Ei av dei mest nemneverdige oppdagingane på toktet har vore betydelege funn av arten glattsil, ein art tidlegare anteke å vere sjeldan i Noreg.

– På den første raudlista i 2006 vart glattsil klassifisert som ein datafattig art og han var sett på som svært sjeldan, forklarar Nedreaas.

– Men i løpet av vår innsamling har vi funne han nærast «overalt», følgjer Noever opp entusiastisk.
Funna til havforskarane indikerer at sil-bestanden langs den norske kysten er veldig kompleks, jamt sett saman av alle dei fem kjente sortane havsil, småsil, glattsil og dei to typane av storsil, flekka og uflekka. Om sistnemnde har ein også gjort eit, nokså tilfeldig, men like fullt oppsiktsvekkande funn.

Funn om gyteåtferd
Toktet har gjort oppdagingar om gyteåtferda til den uflekka storsilen – kunnskap ein ikkje før har hatt.
– Vi trefte, heilt tilfeldig, gyteperioden for denne arten. Det var fantastisk å sjå at buken var full av mjølke hos hannane og rogn hos hoene, forklarer Noever.

Gyteklar uflekka storsil. Dei med orange i buken er hunner fulle i egg og dei med kvitt i buken er hanner fulle i mjølke. Foto Runde Forsking.

• Det var fantastisk å sjå at buken var full av mjølke hos hannane og rogn hos hoene
-Christoph Noever

Samspel med nordsjøsilen?
Forskarane har elles lagt til rette for ei rekkje genetiske analysar som ein ønskjer å gjere på silen som er funnen. Eit spørsmål som ein ønskjer å finne svar på er; kvar kjem silen på kysten frå? Er det ein eigen bestand som rekrutterer seg sjølv, eller er silen på kysten avhengig av bestanden i Nordsjøen? Forskarane har gjort framsteg når det kjem til dette spørsmålet – men at det er mykje forsking som står att.
– Vi har funn som tyder på at det kan vere ein viss samanheng mellom silen i Nordsjøen og på kysten. På sikt ønskjer vi å samanlikne kjemiske fingeravtrykk for å sjå kvar silen har opphalde seg under oppveksten, seier Noever.
– Om det viser seg at kystsilen er avhengig av rekruttering frå Nordsjøen vil det vere viktig kunnskap. Då må ein truleg i større grad også ta høgde for dette i forvaltninga, seier Nedreaas som ei oppfølging.

Ein gledeleg observasjon
Seniorforskaren legg til slutt til at dei også har gjort funn som bygger opp under at silen på kysten etablerer seg og blir der over fleire år.
– Sør for Stad har vi framleis gjort funn av sil frå den sterke 2019-årsklassa. Nord for Stad var det ikkje mykje å sjå til dei, men her fann vi likevel toåringar –særleg nord for Breisundet. Dette ser eg på som eit sunnheitstrekk. Den klarer altså å etablere seg og bli her, avsluttar han.

Dei får og nokon andre artar enn sil som lev på sandbotn i skrapa - her ein liten fløyfisk. Foto Runde Forsking.

Bildegalleri

PROSJEKTLEIAR PÅ RUNDE
NYHEIT PUBLISERT AV
Christoph Noever
Marinbiolog
DEL TIL SOSIALE MEDIER