Forslag til nasjonal overvåking av søppelenheter på havbunnen

Forslag til nasjonal overvåking av søppelenheter på havbunnen

6/3/2026

Prosjekt

lesetid

  • Prosjekt: Forslag til nasjonal overvåking av søppelenheter på havbunnen
  • Prosjektstart: Januar 2024
  • Prosjektleiar internt: Ørjan Sørstrønen Vabø
  • Oppdragsgjevar: Miljødirektoratet
  • Prosjektansvarleg: Havforskningsinstituttet
FAKTABOKS

Runde Forsking deltok i eit prosjekt leia av Havforskningsinstituttet i samarbeid med SALT, med mål om å utvikle eit forslag til eit nasjonalt program for overvåking av søppel på havbotnen. Arbeidet vart gjennomført på oppdrag frå Miljødirektoratet og resulterte i rapporten «Forslag til nasjonal overvåking av søppelenheter på havbunnen».

Marin forsøpling er eit aukande miljøproblem, og mykje av avfallet som hamnar i havet endar til slutt på havbotnen. Samstundes finst det framleis avgrensa kunnskap om kor mykje søppel som ligg på botnen, kor det samlar seg, og korleis mengdene utviklar seg over tid. Prosjektet hadde derfor som mål å utvikle eit fagleg grunnlag for eit nasjonalt overvåkingsprogram som kan dokumentere mengder, typar og geografisk fordeling av søppel på havbotnen i norske havområde.

I prosjektet vart det vurdert ulike metodar for datainnsamling, mellom anna bruk av droppkamera, undervassrobotar (ROV) og autonome undervassfarkostar (AUV), samt metodar for analyse av bilde- og videodata. Rapporten inneheld også ei kunnskapsoppsummering av eksisterande data om havbotnssøppel i norske farvatn og forslag til ulike nivå for eit framtidig overvåkingsprogram – frå ei minimumsløysing til eit fullskala nasjonalt program.

Forslag til nasjonal overvåking av søppelenheter på havbunnen | Havforskningsinstituttet

Runde Forsking bidrog særleg til arbeid knytt til overvåkingsteknologi og bildeanalyse i samarbeid med Havforskningsinstituttet. I tillegg bidrog instituttet i arbeidet med å vurdere førekomst og overvåking av søppel i kyst- og fjordområde, der kunnskapsgrunnlaget framleis er meir avgrensa enn for opne havområde. Prosjektet synte korleis forsking, teknologi og samarbeid mellom fagmiljø kan bidra til betre kunnskap om marin forsøpling og gi grunnlag for meir målretta forvaltning av havmiljøet.

Bildegalleri

PROSJEKTLEIAR PÅ RUNDE
NYHEIT PUBLISERT AV
Erle Smedbold
DEL TIL SOSIALE MEDIER