Ein flott dag på Runde med besøk av Energi- og miljøkomiteen

Ein flott dag på Runde med besøk av Energi- og miljøkomiteen

24/5/2023

Nyheit

lesetid

FAKTABOKS

Tysdag 23. mai var Energi- og miljøkomiteen på Runde Miljøsenter. Der fekk dei snakke med unge fiskarar frå naturbruklinja ved Herøy vgs. Komiteen fekk sjå korleis vi forskar på sil, og Kartverket var der med båt og presenterte arbeidet med marine grunnkart, eit prosjekt Runde Forsking er ein del av. Besøket blei avslutta med ein båttur til fuglefjellet, og det var ein inspirert komite som drog frå øya for å ta turen tilbake til Oslo.

Besøket på Runde var i samband med at komiteen var i fylket vårt for å sjå på korleis ulike bedrifter og organisasjonar jobbar. Sentrale emne komiteen var innom på reisa var grøn omstilling, energi, energilagring, energiproduksjon og berekraft, forvalting og miljø.

Dei var på Runde for å lytte til kva utfordringar det marine miljøet står overfor. Vi la vekt på at dei skulle få sjå korleis det blir jobba i praksis, og korleis vi på miljøsenteret samarbeidar med andre organisasjonar. På hamna fekk komiteen sjå med eigne auge korleis arbeidet foregår.

Dei fekk sjå korleis forsking på sil foregår i praksis. Sil (tobis) er ein nøkkelart i det marine økosystemet.

Elevar frå naturbruklinja ved Herøy vidaregåande skule viste og fortalde korleis dei jobbar, mellom anna fortalde dei korleis dei brukar marine grunnkart for å finne gode fiskeplassar. Dei viste og korleis dei handterer fangsten.

Ein målebåt frå Kartverket var der, og det blei vist korleis arbeidet med marine grunnkart foregår. Marine grunnkart er mellom anna viktig for forsking på sil, og for fiske langs kysten.

Takk til Energi- og miljøkomiteen som valde å kome til Runde Miljøsenter for å søke råd innan:

  1. Klimaendringar og synlege konsekvensar av temperaturauke i havet
  2. Påverking av forureining frå menneskeleg aktivitet som medfører behov for regulering av utslepp
  3. Utgreiing av sameksistens knytt til arealbruk og verdiskaping til havs

Dagleg leiar ved Runde Miljøsenter og Runde Forsking, Ottar Håkonsholm oppsummerer dagen slik:

– Ein komité på lyttefrekvens gav gode diskusjonar. Vi brukte mesteparten av tida på kaia, der dei fekk sjå kva senteret driv med i praksis. Innramma med sol frå klar himmel, svartestille sjø og båttur til fuglefjellet, gjorde besøket inntrykk på medlemmane i komiteen.

Takk til Statens kartverk som stilte med målebåt og viste i praksis viktigheita av oppmåling av sjøbotnen og utarbeiding av Marine grunnkart.

Takk og til Herøy vidaregåande, som viste i praksis kva som er mogleg å få til av samarbeid mellom skule og næringsliv.

Bildegalleri

PROSJEKTLEIAR PÅ RUNDE
NYHEIT PUBLISERT AV
Øyvind Rødset
Informasjonskonsulent
DEL TIL SOSIALE MEDIER