
Prosjektet «Blå skog i fokus: Utforsking og bevaring avhavets skjulte økosystemer» er eit formidlingsprosjekt leia av Runde Forsking og finansiert av Noregs forskingsråd. Målet med prosjektet er å auke kunnskapen om blå skog – økosystem som ålegrasenger, tareskog og andre kystnære habitat – og synleggjere kor viktige desse naturtypane er for biologisk mangfald, karbonlagring og sunne kystøkosystem.
Prosjektet har hatt særleg fokus på å formidle forskingsbasert kunnskap til barn, ungdom og eit breitt publikum gjennom digitale og opplevingsbaserte læringsopplegg. Som ein del av prosjektet er det utvikla ein digital scrolldokumentar om blåskog, og ein tilhøyrande quiz for undervisning og læring.
Scrolldokumentaren kan du sjå her:
https://www.rundeforsking.no/den-bla-skogen
Formidlingsarbeidet har vore gjennomført i samarbeid med Joda Media, Atlanterhavsparken og Opplev Runde. Gjennom aktivitetar som fjæresafariar, naturrettleiing og undervisningsopplegg har barn, unge og andre besøkande fått direkte erfaring med livet i fjæra og innsikt i korleis blå skog-økosystem fungerer. Til saman har over 900 barn, unge og vaksne delteke i fysiske formidlingsaktivitetar i prosjektperioden. Sjå ulike aktivitetar her: Opplevingar - Runde
Prosjektet har bidrege til å styrke samarbeidet mellom forsking, naturformidling og opplevingsbasert læring, og har etablert formidlingsressursar og samarbeidsstrukturar som kan vidareførast i framtidige prosjekt om blå skog og kystøkologi.