Stillingsannonse: Senior Marinbiolog/Oseanograf

Stillingsannonse: Senior Marinbiolog/Oseanograf

2/7/2024

Nyheit

lesetid

Stillingstittel: Forskar i marinbiologi eller oseanografi e.l.

Oppstart: Etter avtale

Type tilsetting: Fast, heiltid

Arbeidstid: Dagtid, vekedagar

Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk

Tal på stillingar: 1

Søknadsfrist: 30.07.2024

FAKTABOKS

Runde Forsking AS (RF) har ei ledig stilling som rådgjevar/forskar innan marin vitskap som marinbiologi/oseanografi. Vi søkjer deg som har god forståing av marine fagfelt og forsking, er samfunnsorientert, og brenn for å finne nye løysingar på samfunnsutfordringar knytt til marint miljø og kunnskapsbehovet om kystøkologi.

Runde Forsking AS er ein del av Runde Miljøsenter, ein frittståande forskings- og feltstasjon på fugleøya Runde. Øya Runde er ein unik lokasjon med tanke på naturmangfald og plasseringa i havgapet, mellom fjordane og ope hav. RF utfører forsking og oppdrag innan kystøkologi og marint miljø. Vi legg til rette for og deltek i marin forsking, utfører kartlegging og miljøovervaking som bidreg til kunnskapsgrunnlaget for berekraftig forvalting, og gjennomfører tiltak mot marin forsøpling. I samarbeid med andre kunnskapsmiljø undersøkjer og overvakar vi det kystnære marine økosystemet, den økologiske tilstanden i sjøen og samanhengen med fuglefjellet på Runde.

Om stillinga

Vi ynskjer å utvide vårt tverrfaglege team og søker ein person med solid kompetanse og relevant arbeidserfaring innanfor eit naturvitskapeleg fag knytt til sjø, for eksempel marinbiologi eller oseanografi. Som rådgjevar i RF vil du:

- Arbeide med klima- og miljøspørsmål knytt til berekraftig forvalting av marint areal og marine    ressursar.

- Bidra i samarbeidsprosjekt med ulike institusjonar og vere med om å arbeide fram nye    forskingsprosjekt og oppdrag.

- Pleie og utvide eit bredt nettverk av samarbeidspartnarar innanfor marin forsking, utdanning og    næringsliv i Noreg og internasjonalt.

- Utarbeide faglege rapportar, notat og høyringsinnspel.

- Gjennomføre fagseminar og arrangement.

- Representere RF eksternt på møter, konferansar og i arbeidsgrupper.

 

Ønska kvalifikasjonar

- Gjerne PhD, og minst mastergrad innan marinbiologi, oseanografi eller anna relevant fagfelt.

- Svært god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk.

- Erfaring frå prosjektsamarbeid og søknadsprosessar, og god kjennskap til verkemiddelapparatet i    Noreg og Europa.

Personlege eigenskap

- Evne til å arbeide sjølvstendig med komplekse saker.

- Analytisk, løysingsorientert og strukturert tilnærming til nye problemstillingar og oppgåver.

- God lagspelar med høg arbeidskapasitet og gjennomføringsevne.

- Tydeleg og open i kommunikasjonen.

- Engasjert og motiverande formidlar.

Vi tilbyr

- Spanande og varierte arbeidsoppgåver.

- Arbeidsstad på vakre Runde saman med dyktige og engasjerte kollegaar.

- Fleksibel arbeidstid: fleksitid med kjernetid mellom kl. 9 og 15, av og til behov for lengre dagar i    samband med feltarbeid m.m.

- Mogelegheita for å vere med om å utvikle verksemda i tråd med selskapet sin strategi.

 

Søknadsfrist: 30.07.2024, med oppstart i løpet av haust 2024. Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju fortløpande.

Har du spørsmål om stillinga kan du kontakte dagleg leiar Ottar Håkonsholm på e-post: ottar@runde.no eller tel. 99537805.

Bildegalleri

PROSJEKTLEIAR PÅ RUNDE
NYHEIT PUBLISERT AV
Ottar Håkonsholm
Dagleg leiar i Runde Forsking og Runde Miljøsenter
DEL TIL SOSIALE MEDIER