Rydd Norge: Møre og Romsdal – Region 4 Sunnmøre Sør

Rydd Norge: Møre og Romsdal – Region 4 Sunnmøre Sør

Kort presentasjon av prosjektet Rydd Norge: Møre og Romsdal – Region 4 Sunnmøre Sør

20/9/2022

Prosjekt

1 min

lesetid

Foto: Fallgard Kystrenovasjon
  • Prosjekt: Rydd Norge: Møre og Romsdal Region 4 Sunnmøre Sør
  • Status: Pågår
  • Oppdragsgjevar og finansiering: Handelens  Miljøfond
  • Prosjektstart: Desember  2021
  • Prosjektslutt: Januar 2024
  • Prosjektleiar: Ovidie Mari Lynge
FAKTABOKS

Runde Miljøsenter er ansvarleg for rydding av ein region i Rydd Norge-prosjektet.

Rydd Norge, etablert og finansiert av Handelens Miljøfond, er Noreg sitt første nasjonale ryddeprosjekt. Målet med prosjektet er at 40% av ytre norskekysten skal bli rydda minst ein gong innan utgangen av 2023.

Prosjektet er delt inn i ti regionale prosjekt basert på fylker. Rydd Norge: Møre og Romsdal er igjen delt inn i 4 regionar der Sunnmøre sør er den sørlegaste og inneber rydding i Herøy, Sande og Ulstein kommune.

Runde Miljøsenter har inngått avtale med Fallgard Kystrenovasjon AS, ei vidareføring av den frivillige organisasjonen Fallgard, der dei kjem til å stå for det meste av ryddearbeidet.

Bilda i galleriet nedanfor er frå opprydding på Runde, Remøy og i Sande. Alle foto: Fallgard Kystrenovasjon

Bildegalleri

PROSJEKTLEIAR PÅ RUNDE
NYHEIT PUBLISERT AV
Ovidie Mari Lynge
Marinbiolog
DEL TIL SOSIALE MEDIER